onsdag 7. mai 2014

Fuck off I love you - Lars Mæhle

Mynten avgjer valet
Bok: Fuck off I love you
Forfattar: Lars Mæhle                            
Sider: 159
Samlaget                      
Sjanger: Spenningsroman                  
Vemund er ein heilt vanleg 16-åring. Sjølv om han er forelska og har vennar, hamnar han fort inn i eit dårleg miljø. Vemund kjenner seg veik og usikker på vennegjengen. Han er ikkje typen som snakkar for seg sjølv og tør ikkje å ta eigne val. 
Two-Face, leiaren i gruppa, har nett kome ut frå fengsel og er ein veldig slem gut. Alle viktige val i gruppa avgjer han med myntkast. På den eine sida av mynten står det ”Fuck off”, og den utvalde må utføre ei dårleg handling, som oftast ei kriminell handling. På den andre sida av mynten står det ”I love you”, og her kjem handlinga, som må utførast, til å bli god. Handlinga blir bestemt av Two-Face.
Historia byrjar med at Two-Face har spunne på mynten, og det blir sida «Fuck off» som vender opp. Vemund sin oppgåve er å tenna på ein knusktørr åker. Han spring ut i åkeren med lighteren i høgre hand og ein klump i magen. Vemund kjenner seg pressa av Two-Face, og er redd for kva han vil gjere om Vemund ikkje tenner på åkeren. Han veit godt at han har hamna på feil spor, men ikkje korleis han skal komme ut av det.

Eg synest heilt klart at dette er ei bra bok. Ho er fylt av spenning og humor. Lars Mæhle har vore flink til å skildre Vemund, og eg synest han skriv godt, med eit flytande og veldig lett språk. Eg synest også at Mæhle skildrar situasjonen til Vemund på ein god måte, det er lett for lesaren å ane at noko tragisk kjem til å hende. Likevel var det ikkje alltid like lett å hengje med på kva Mæhle ville få fram, og eg gir derfor boka terningkast 5. Boka passar for ungdom frå 13-15 år.
Victor

Keeperen til Tunisia - Lars Mæhle

Morsam ungdomsroman for både gutar og jenter
Tittel: Keeperen til Tunisia
Forfattar: Lars Mæhle
Sidetal: Boka er på 167 lettleste sider
Sjanger: Roman

Hovudpersonar i boka
Jo Istad er hovudpersonen i boka. Han er ein 13 år gammal gut som er flink på skulen og livredd for at noko gale skal skje han. Jo prøver å unngå alt som omhandlar urolege medelevar, sport, helsefarlege saker og jenter. Sjølv om han prøver å unngå dette, møter han på farar og problem kor hen han går.
Mari  er den nye jenta i klassen til Jo, som alle gutane er begeistra for. Ho er i likskap med Jo også flink på skulen, men er flink til å spele fotball og er ikkje redd for å ytre meiningane sine.
Einar er bestekameraten til Jo. I kvart fall om du spør Jo sjølv. Han likar å spele fotball og har ein storebror som er profesjonell fotballspelar i England. Einar held på ein hemmelegheit som ein ikkje får høyre noko om før i slutten av boka. Ein får ikkje inntrykk om at Einar er særleg begeistra over å vere med Jo.
Tom Erik er skulas verste bølle og Jos aller største frykt. Jo endar opp i mange ufrivillige problem med Tom Erik og gjengen hans. Han går under kallenamnet ”Tommelen.”
Handlingsreferat
Jo går i sjuande klasse og det er det siste året før han byrjar på ungdomsskulen. I år er året kor alle i klassa til Jo samlar på fotballkort. Alle jaktar etter det aller mest sjeldne kortet: Nemleg keeperen til Tunisia. Jo er ein tankefull gut som heile tida føreser det verste.Tommelen tvingar alltid Jo til å gjere leksene sine, og Jo våger ikkje seie noko i mot. Alle gutane henger rundt den nye jenta i klassen, Mari. Jo byrjar å gjere ting han eigentlig ikkje er komfortabel med, for å vinne hjartet til Mari.
Mi meining
Forfattaren skriv på ein god og lettlest måte med eit fint grep om stilen og språket. Romanen er ei eg-forteljing kor tankane til Jo handlar om alt frå fotball til frykta om å mislykkast. Eg synest at boka er spanande fordi ho byr på eit mysterium som Jo må våge mykje for å halde håpet om draumejenta, Mari i live. Boka er som sagt ein lettlest ungdomsroman som passar for både jenter og gutar mellom 11 og 13 år fordi ho er barnsleg av og til, men er veldig morsam. Ein treng ikkje å vere fotballinteressert for å lese han fordi han handlar om ungdomsproblem og kvardagen generelt. Boka er filmatisert under namnet ”Keeperen til Liverpool” og er har sett han. Boka og filmen er nesten heilt like. Eg får ikkje noko nytt inntrykk etter å lese boka. Eg anbefaler å lese boka først for å ha eit godt grunnlag før ein ser filmen.

Skrive av Vetle




Englefjes - Ingelin Røssland

Englar iblant oss
Ingelin Røsslands “Englefjes” blei skriven i 2008 og er på 166 sider. Romanen er ei blanding av eventyr og krim, kor hovudpersonen, 17-årige Engel Winge spring rundt for å skaffe seg gode reportasjar omkring den stille, vesle byen Tysnes. Ho bur med bestemora si, og har sommarjobb som journalist i det lokale avisbyrået. Med faren i Berlin og mora død, kvifor ikkje berre fullføre skulen i Tyskland?

Da Engel finn ut at ein lokal riking byggjer ulovlege sjøhus, og seinare den dagen skal intervjue han, blir ho nyfiken, men dobbelsida hennar endar opp utan eit ord om dei.  Redaktøren minner ho på at dei ikkje har noko med han å gjere, men det stoppar ikkje Engel som aner at noko er i gjære. Plutseleg er ho blanda opp i noko mykje større, kor til og med ordføraren er innblanda.

Kan Engel løyse opp i den tilsynelatande umoglege situasjonen i tide? Blir kameraet hennar det viktigaste våpenet mot uretten?  Og kva er det redaktøren skjuler?

Eg synest at boka var spennande og godt skriven. Boka flyt godt og behageleg, men ein finn boka passeleg lang og historia har eit relativt  høgt tempo. Det skal seiast at eg føretrekkjer bøker som har meir action og kor handlinga skjer på ulike  stader.


            Thomas 

Zoomarferien - Arnfinn Kolerud



 To gutar, eitt kamera. Ein gneldrepung
Tittel: Zoomarferien
Forfattar: Arnfinn Kolerud
År: 2007
Sjanger: Humor/spenning, roman
Sidetal: 155
Forlag: Det Norske Samlaget

Hovudpersonane i Zoomarferien er dei to venane Odd og Per Tore. Odd er 14 år gamal, og Per Tore er noko eldre. Per Tore har eit fotoapparat med en zoom-funksjon. Retten til kameraet held han høgt. Odd er ein meir tilbakehalden fyr som blir med på det Per Tore gjer, og heng etter. Odd er nok den mest interessante og spesielle personen.
Når verken Odd eller Per Tore får dra på sommarferie vil dei prøve å tene pengar. Dei ser ein mann med namn ”Gneldrepungen”, ein lærar som ikkje er veldig populær, dumpe noko i ein skog, og får tatt eit bilete. Dei har blitt inspirert av mafia og utpressing frå filmar, og skriv trusselbrev for å få inn litt pengar. Med eit brev av bokstavar utklipt av aviser og ringt opp frå telefonkioskar med eit handkle over er dette mafiaverksemd på høgt nivå. Naturlegvis går ikkje alt etter planen…

Sjølv likar eg betre bøker med meir spenning og action, men trur denne boka passar bra for alle som vil lese ei litt meir spesiell og morosam bok. Eg likar korleis Kolerud har skapt karakterar som alle er forskjellige, og som fangar interessen til lesaren. Boka er lettlest og egnar seg godt for alle aldersgrupper. Det er ei morosam bok med mange flotte skildringar.
Tarjei

Politi - Jo Nesbø

Nervepirrande politidrama

Jo Nesbø: "Politi"
Sider: 526

Eg hadde gledt meg veldig lengje til å lese «Politi», og ikkje mindre nysgjerrig vart eg på han etter eg har lese så mange gode omtaler av han i avisene. Forventningane var dermed store da eg starta - og etter den dramatiske avslutninga i Gjenferd måtte eg finne ut kva som skjedde vidare med Harry Hole!

Boka startar der den førige slutta. Ein pasient ligg i koma under streng observasjon på sjukehuset. Situasjonen har lengje vore stabil og uendra, men ein dag synest det plutseleg som om pasienten skal byrje å vakne. Samstundes blir ein politimann brutalt myrda på åstaden for eit tidlegare drap. Drapet er som ein kopi av det førige, som enno er uoppklara.

Den tidlegare gruppa til Harry Hóle blir sett på saka, men strevar med å finne spor og motiv. Ei tid seinare skjer nok eit drap, òg denne gongen på åstaden for eit uoppklara. Offeret er nok ein gong politimann, og etterforskingsgruppa skjønner at dei står overfor ein seriemordar som drep polititenestemenn. Kven er det som vil dei tilsette i politiet til livs og kvifor?

Boka er godt skrive og plotta er veldig bra. Ho er dramatisk og spennande, og mange av offera i denne boka er kjende for oss, og det gjer at vi som les blir meir engasjert i det som skjer. Vi er òg litt nervøs når vi les denne boka, for vi har med ein politimordar å gjere, det set vår alles kjære Harry Hole òg i skotlinja, og han er vi redd for. Det var godt kamuflert kven som sto bak drapa, og det kjem som ein overrasking på meg som les.

Eg gjev boka terningkast 5, sidan eg ikkje vart like oppslukt som med dei andre bøkene, og starten var litt rotete. Men det var absolutt ei bra bok som eg tilrår å lese!
Sofie



Tomorrow when the war began - John Marsden


Tomorrow When The War Began 
Ei bokmelding av Simen 

Forfattar: John Marsden 
Forlag: Quercus 
Utgivingsår: 1995 GB 
Sider: 284 
«Tomorrow when the war began» handlar om Ellie på 17 år, som vil dra på eit siste eventyr med dei nære venene sine før skulen startar. Dei pakkar Ellies Land Rover og dreg ut i 
villmarka til ein fast campingstad. Dei er åleine i ei heil veke før dei dreg tilbake, men når dei kjem tilbake finn 17-åringane ut at noko er gale. Liva deira vil kome til å forandre seg for alltid. Kva er det som skjer? Korleis kan heile byen berre ha vorte tømt for menneske? Kva gjer dei med situasjonen? Uansett vil ting aldri bli som dei var før. 

Ellie Linton 17 år frå Wirrawee er ei heilt normal jente frå Australia som er intresert i gutar, skulen, og å dra ut med vener. Ho viser utover i boka at ho er ein god leiar og veit å snakke for seg. 

Det er ei bok utan bilete, noko som ikkje gjer noko ettersom John Marsden forklarar på ein heilt fantastisk måte, som gjer det veldig vanskeleg å leggje ho frå seg. Det er ei heilt fantastisk bok, som eg vil tilrå for både gutar og jenter mellom 14-18 år. Dette er fordi det er eit litt komplisert språk i ho ( engelsk ). Men eg naut verkeleg å lese ho. 
Ut i frå det eg har lese i boka trur eg John Marsden vil at lesarane skal tenkja gjennom kva dei ville gjort for landet sitt i ein krisesituasjon.



Harry Potter og de vises sten - J.K. Rowling

Frå kott til rikdom og ry

Harry Potter og de vises stein
Av J.K Rowling


Eg har lese boka «Harry Potter og de vises stein». Denne boka er under sjangeren fantasy, temaet er både makt og motmakt og verkelegheit og fantasi. Boka har 281 sider, men ho er så spanande at ein blir ferdig med ho fortare enn ein trur.

Harry Potter bur saman med tanta si Petunia, onkelen Victor og syskenbarnet Dudleif. Harry trur han er ein heilt vanleg gut. Slektningane hans behandlar han dårleg. Han må sove i eit kott under trappa, han får aldri nye klede eller leiker, og Dudleif sin favorittsport er å plage Harry. Han lengtar etter foreldra sine som omkom i ei trafikkulykke. Det er i alle fall det han har blitt fortalt av sin tante og onkel.
Plutseleg ein dag begynner Harry å få mystiske brev, og fleire brev kjem til huset kvar dag. Onkel Viktor vert gal, og brenn alle breva før nokon får lest eit ord. Familien flyttar endatil til ei forblåst øy for å unngå alle breva som kjem flygande som uglepost. Ved midnatt på Harry sin gebursdag dukkar det opp ein kjempe av ein mann utanfor døra. Den skjeggete mannen gir Harry eit brev som seier at Harry er tatt inn på Galtvort skule for hekseri og trolldom. Harry Potter er ein trollmann!

Harry har mørkt hår, briller (som ofte er øydelagde) og eit sikksakk-arr i panna. Harry er ein veldig modig gut som brukar alle sine krefter for det gode. Dette viser han då han nesten ofrar livet sitt for å hindre nokon i å ta «den vises stein», som ikkje må kome i gale hender. Foreldra hans døde i Voldemort sitt forsøk å drepe Harry.
Gygrid er ein kjempe av ein mann, ansiktet hans er nesten heilt dekka av hår og skjegg, men ein kan sjå auga hans som glimtar under alt håret. Han er ein veldig omtenksam person, og Harry ser på han som ein far. Han jobbar på Galtvort skule som skogvaktar. Dess skumlare dyra blir, dess meir likar Gygrid dei.
Voldemort er ein forferdeleg trollmann med dei verste hensikter ein kan ha. Han har drepe hundrevis av menneske tidlegare, men med Harry svikta han. Formelen gikk som ein spegel tilbake på han, og han mista alle sine krefter. Voldemort er no ute etter å få «dei vises stein», som kan gi han krafta tilbake, og hemne seg på Harry.

 Eg elskar denne boka fordi ho er spanande, morosam og du veit aldri kva som vil skje på neste side. J.K. Rowling skriv som om du blir ein del av handlinga i boka. Eg har likt denne boka sidan eg las ho som 8-åring.

Eg kan absolutt anbefale «Harry Potter og de vises stein» på det sterkaste og anbefaler ho til alle som likar, og ikkje likar å lese.  Eg trur at alle som startar å lese denne boka vil like ho med ein gong. Denne boka passar for alle born, både gutar og jenter, mellom 8 og 13 år. Men eg har høyrt at til og med vaksne elskar å lese om Harry Potter sine eventyr.
Sebastian