tirsdag 6. mai 2014

Kunsten å inhalera - Ingelin Røssland

Kunsten å inhalera – eiN stemningsskapande kjærleiksroman
Denne boka heiter ”Kunsten å inhalera”. Ho er på 141 sider og er ein ungdomsroman. Boka er skrive av Ingelin Røssland.
Anette fyller snart 16 år. Ho bur i den mest avsidesliggande bygda på øya, dit kor skulebussen er den einaste bussen som kjem. På nyttårsaftan bestemmer ho og bestevenninna Christin seg for at dei skal begynne å drikke og røykje. Ho har også planer om å kysse Bobby, som er både høg og mørk og har langt hår i ein hestehale. Det einaste problemet ho har er at Bobby er nesten 18 år, og verkar ikkje til å vere like forelska i henne, som ho er i han. Anette begynner på symjelaget, trass i at ho ofte ikkje vil vere med på symjinga i gymnastikken. Ting begynner etter kvart å gå bra med Bobby, men Bobby viser seg å ikkje vere den Anette trudde han var. 
 Anette er hovudpersonen i boka. Ho er ei vanleg jente, men prøver å bli tøffare. Ho begynner å røykje og drikke i eit forsøk på å få Bobby til å like ho. Heime prøver ho å gjere opprør, men foreldra hennar blir aldri sure for noko, og det skulle ho gjerne ønske at dei blei. Anette er sjølvsikker, tøff og til tider ganske spydig. Ho ønskjer ikkje å vere den perfekte jenta som gjer alle leksene sine og aldri gjer noko gale. Sjølv om ho lykkast med dette, så går ho kan hende eit skritt for langt i å vere rebelsk og ender til tider opp med å skade seg sjølv og andre rundt ho.
Christin er bestevenninna til Anette. Dei held saman i tjukt og tynt, og passar på kvarandre. Christin er litt meir forsiktig enn Anette, og har ikkje same behovet som Anette for å vere rebelsk og opprørsk. Ho er ei ærlig jente, og fortel til Anette når ho kryssar streken.
Bobby er Anette si store forelsking. Han er høg, mørk og har den raskaste mopeden i heile bygda. Han er den tøffe i bygda, men er ein snill gut som følgjer reglane. Han er vaksen og ansvarleg, og synest Anette til tider oppfører seg barnsleg og uansvarleg.
Eg synest dette ei god bok. Ho er veldig truverdig og veldig ekte. Eg likte denne boka, fordi ein forstår situasjonane godt og ein lever seg inn i historia. Boka inneheld kjærleik, vennskap, familieproblem, skulepress, tillit og løgner. Ein forstår korleis Anette har det og tenkjer, men også korleis stemninga er på dei stadene ho er. Det er veldig lett å leve seg inn i boka, ein får medkjensle for Anette og dei rundt ho.

Dette er ei bok som passar for dei fleste jenter mellom 12-16 år. Boka og språket er svært godt skrive og lett å lese. Historia er spennande, men samtidig romantisk og truverdig. Eg vil anbefale boka til alle som liker ei spennande og romantisk bok med ein liten vri.
Klara

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.