Venner i tjukt og tynt, eller?
Det Som Er Sant er ei bok skriven av Magnhild
Bruheim. Boka har 138 sider og temaa i boka er kjærleik og kjønnsroller, løgn
og sanning og ansvar og oppbrot. Boka blei gitt ut i 2013 og er Magnhild
Bruheim si nyaste bok.
Boka handlar om Linn som er
på ein fest saman med besteveninna hennar, Solveig. Festen er heime hos Hanna, som
Linn har vore vener med før. No liker ho ikkje Hanna lenger, sidan Hanna øydela
venskapen hennar med Julie. Ein annan som er på festen er Sander. Sander er
gitarlæraren til Linn og Solveig, og Linn har vore forelska i han ganske lenge.
Medan ho er på festen, ser Linn Hanna og Sander forsvinne inn på soverommet til
Hanna. Seinare kjem Hanna tilbake på festen utan sko og med eit fortvilt
ansiktsuttrykk. Solveig går bort for å snakke med henne, og når Linn kjem etter
ei stund for å høyre kva som har skjedd, fortel Hanna at Sander valdtok henne.
Solveig er veldig støttande for Hanna, men Linn er usikker på om Hanna fortel
sanninga. Ho vel å verken tru på Hanna eller Sander før noko er bevist, men
Solveig er 100% på Hanna si side og meiner at sidan Linn ikkje er på Hanna si
side, er ho automatisk på Sander si side. Solveig aksepterer ikkje at Linn er
mot Hanna, og dei blir uvenar. Linn blir veldig lei seg fordi dette er andre gong
Hanna har øydelagt et venskap for henne. Linn begynner også å tru at Hanna
kanskje laug om valdtekta, sidan Hanna vanlegvis ikkje har noko imot å vere
saman med gutar og sidan Sander er veldig fortvilt og nektar for å ha gjort det.
Dei viktigaste karakterane i boka er Linn, Solveig, Hanna og Sander.
Linn er hovudpersonen i boka. Ho er ei ganske stille jente og er redd
for å bli utestengt. Derfor prøver ho så godt ho kan å gjere alle blide og
spesielt Solveig. Ho forgudar Solveig, og meiner det same som Solveig om nesten
alt. Venskapen hennar med Solveig betyr alt for henne fordi ho har erfart å
vere venelaus og utestengt, og det er noko ho gjer kva som helst for å unngå å
oppleve igjen.
Solveig er besteveninna til Linn. Solveig prøver alltid å gjere det som
er best for andre, men ho får det ikkje alltid til. Medan ho prøver å gjere
andre godt, kan ho gløyme korfor ho gjer det, og heller fokusere på det ho
ville ønskt i ein bestemt situasjon og gjere det i staden for det den ho
hjelper ville ønskt.
Hanna er ein stereotypi av ei populær jente. Ho er vand til å få det ho
vil ha og gjer kva som helst for å få det. Ho latar som om ho har eit perfekt
liv, men det kan verke som om ho er ganske usikker på seg sjølv.
Sander er eldre enn Linn og Solveig, og Linn ser veldig opp til han.
Han er veldig snill og er meir fortvilt enn sint for Hanna si skulding.
Personleg synest eg at historia i boka var ganske bra. Linn var i ein
situasjon som mange kan kjenne seg igjen i, sidan det handlar om vennskap og kven
si side ein vel å vere på, men som få har opplevd. Det verkar som om Magnhild
Bruheim forstår ungdommar godt og er flink til å beskrive korleis dei har det. Sjølv
om boka var godt skriven og hadde eit godt utgangspunkt, blei ho til tider litt
kjedeleg. Det var ikkje så mykje som skjedde anna enn at Linn bestemte og
ombestemte seg for kven ho skulle tru på.
Eg synest denne boka passar for jenter frå 12 til 15 år.
Johanne TH

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.