Dei største mareritta til foreldre
Frå boka «Ny melding» av Magnild
Bruheim
Dei største mareritta til
foreldre blir til røyndom i boka «NY MELDING». Den populære tenåringsjenta,
Kami, forsvinn på mirakuløst vis på veg heim frå bussen. Bestevenninna, Bente, er
den siste som har snakka med henne på telefonen før Kami blir avbroten av ei
ukjend stemme. Kven er denne mannen og kva skjedde med Kami? Dette er eit
spørsmål Bente ikkje klarer å få ut av hovudet. Politiet og fleire journalistar
vil snakke med Bente, noko som får henne til å stille endå fleire spørsmål. Kan
Kami ha rømt? Tanken gjer henne endå meir forvirra idet ein melding tikkar inn
på mobilen. Ei melding frå Kami! Kami og Bente får kontakt på eitt vilkår: Kontakten
blir halde hemmeleg. Det eine fører til
det andre, som resulterer i at Bente og venninna Martine dreg på Oslotur, der
også Kami befinn seg. Kven er denne mannen dei møter på t-banen, og korleis veit
han om Kami? Og er det eit bra eller dårleg val å ferdast aleine med denne
mannen på leiting etter venninna?
Eg blei dregen inn i boka frå
fyrste setning. Boka verkar som ei spenningskurve som aldri sluttar å stige.
Dette gjer den nesten umogleg å leggje frå seg. Forfattaren skriv frå ein
tenåring sitt synspunkt på ein utruleg bra måte. Hovudpersonen Bente held på ein
vennskapslovnad med Kami som tyder at ho
held utruleg viktig informasjon hemmeleg frå politiet. Dette er ei tenåringshaldning
som verker dum og naiv, men kanskje det er akkurat det som skal til? Eg anbefaler deg verkeleg å finne ut av dette
ved å lese boka sjølv.
Boka er har eit enkelt og
flytande språk som gjer boka lett å lese. Forfattaren skildrar farlege og gode
situasjonar godt, som er ein nyting for både tankane og bileta du får i
hovudet. Eg synest boka passar for alle aldrar. I boka les ein om korleis ulike
menneske i forskjellige aldrar taklar situasjonen. Dette gjer leseropplevinga
interessant for både gutar og jenter i alle aldrar. Dette er den fyrste
ungdomsboka gjeve ut av Magnild Bruheim, eg synest ho fekk det bra til. – Johanna

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.