Eit gjenferd i spegelen
Boka ”Svarte-Mathilda” handlar
om Elisabeth som har flytta saman med mora si inn i ei leilegheit etter at
heimen dei budde i vart utsett for ein brann, ein brann som tok livet av broren
til Elisabeth. Allereie første gongen ho kjem inn i leilegheita, merkar ho at
det er noko underleg som går føre seg. Det er kaldt og ho føler seg ikkje
velkommen. På badet heng det ein gammal spegel, og vi forstår etter kvart at
dette har noko med dei merkelege hendingane å gjere. Elisabeth blir meir sikker
på at det føregår noko mystisk når ho blir innestengt på badet, i tillegg til at
ho ser skuggar og fornemmer røyster. Ho får etter kvart høyre at det for nokre år tilbake var ei
jente som vart drepen i leilegheita, og at mordet aldri vart oppklara. I
tillegg får ho høyre historia om Svarte- Mathilda, som er ei vond ånd ein kan
påkalle ved å nemne namnet hennar ei bestemt mengd gonger framfor den gamle
spegelen. Saman med klassekameraten Philip og bibliotekaren Viggo, prøver ho å
finne informasjon om det som skjer i leilegheita.
Ein får òg høyre om ein familie
som levde på 1800- talet, der jenta på garden heitte Mathilda. Etter ei stund
får vi vita at det har går føre seg forferdelege ting på garden, som er rota
til alt det skremmande som skjer i nåtida. Elisabeth finn ut at ho må grave i
fortida for å finne ut kva som skjedde, både med Mathilda og med Marie, som
vart drepen i leilegheita 20 år tidlegare. Arbeidet med å løyse gåta er ikkje
enkelt, Elisabeth blir skada og tilstanden er kritisk, samstundes forsvinn
Philip. For å finne svaret må Elisabeth utfordre seg sjølv, setje frykta til
side og overvinne dei vonde kreftene frå fortida.
Boka handlar om å oppklara
uforklarlege hendingar, og dessutan å freiste å finne ut kvifor det vart drepe
ei jente i leilegheita Elisabeth flyttar til, og kven som gjorde det. I tillegg
meiner eg det handlar om å kome tilbake til kvardagen igjen etter ein brann der
ein har mista nokon som står ein veldig nær.
Eg synest det er ei godt
fortald historie, der spenninga blir halde oppe gjennom heile boka. Dette trur
eg kan vere med på å få barn og unge som ikkje er så glad i å lese, interessert
i denne romanen. Ein får høyre om drap og blodige detaljar, noko som kan vere
med på å gjere dei som synest ein del ungdomsbøker er for barnslege til å like
denne. Svarte- Mathilda er ei bok som får det til å gå kaldt nedover ryggen på
lesaren, og ein treng ikkje å sitja og
vente på at det skal skje noko spennande, spenningsmomenta kjem hyppig og dei
får deg til å lese vidare.
Karakter: 5/6
Ingebjørg

Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.