onsdag 30. april 2014

Looking for Alaska - John Green

Looking for Alaska av John Green
- kven er  Alaska?
Etter å ha lese boka The fault in our stars, fekk eg lyst til å lese fleire bøker av John Green, så eg starta å lese debutromanen Looking for Alaska, som fekk meg hekta etter fyrste side.  Eg trur aldri eg har lest ei så fantastisk og utfyllande bok som denne. Mannen bak dei sitatverdige setningane, John Green, er ein utruleg skribent som verkeleg  veit å setje ord på hendingane. Han tek for seg alvorlege tema, men han skriv både humoristisk og inspirerande, med sitt endelause ordtilfang  Eg har teke meg sjølv i både å le og gråte gjennom boka. Sjølv om Green er ein vaksen mann, klarar han å skrive frå ein  tenåringsgut sin synsvinkel på ein heilt fascinerande måte. Ein lever seg inn i boka  på ein underleg måte som får ein til å ville lese meir.

Miles er ein tenåring som flyttar heimanfrå for å gå på kostskole i Culver Creek. Miles er ein litt sær gut med ein rar interesse for å hugse kjente personar sine siste ord. Miles har aldri hatt mange venar, og han har eit ønskje om å starta på nytt og oppleva ”The Great Perhaps”.  Han blir god venn med romkameraten Chip, som blir kalla The Colonel, og Alaska Young, ei vakker, smart, morosam og impulsiv jente som Miles fall for. Nye venar bringar nye utfordringar. Venegjengen drikk, røyker og bryt reglar, og får testa både vennskap og lojalitet.
Boka er delt inn i to delar som består av ein ”før”-del og ein ”etter”- del.  I før-delen blir vi kjend med personane i boka og forholdet dei har til kvarandre. I ”etter”-delen skjer det ein fælsleg tragedie, og ein får sjå korleis karakterane taklar tragedien.  Spenninga blir bygd opp til dette høgdepunktet, og det er ei overraskande og forvirrande vending. Det verkar som om boka sluttar midt i hendinga, sjølv om ein berre har kome halvveis i boka.

Karakterane i boka er kome til live gjennom sine særeigne personlegdommar og dei har  positive og negative sider, men dei er lette å bli glad i. Miles er ein usikker gut som eigentleg berre vil bli akseptert av skulekameratane sine. I begynninga blei han dårleg behandla, men etter kvart fekk han venar. Han er ein gut med store forhåpningar, og han er ganske desperat etter kjærast. Han er forelska i Alaska, noko som er dumt, sidan Alaska sjølvsagt har ein kul rockestjerne-kjærast. Miles er ein gut som  tenkjer  veldig mykje, men seier lite. Alaska er ei impulsiv jente som ikkje er typen til å følgje flokken. Trøbbel kan ein vel seie følgjer etter ho over alt, men ho er god til å kome seg unna. Ho har hatt mykje problem med familien sin i oppveksten, noko som har hatt konsekvensar for livet hennar. Ho er ei mystisk jente som ikkje deler følelsane sine med nokon, noko som kjem tydeleg fram i boka, og det er noko som gjer boka ekstra spennande. Eg vil anbefala denne boka til dei som er glad i å lese og til ungdom og vaksne frå 15 år.

Johanne 

Ny melding - Magnhild Bruheim

Dei største mareritta til foreldre
Frå boka «Ny melding» av Magnild Bruheim

Dei største mareritta til foreldre blir til røyndom i boka «NY MELDING». Den populære tenåringsjenta, Kami, forsvinn på mirakuløst vis på veg heim frå bussen. Bestevenninna, Bente, er den siste som har snakka med henne på telefonen før Kami blir avbroten av ei ukjend stemme. Kven er denne mannen og kva skjedde med Kami? Dette er eit spørsmål Bente ikkje klarer å få ut av hovudet. Politiet og fleire journalistar vil snakke med Bente, noko som får henne til å stille endå fleire spørsmål. Kan Kami ha rømt? Tanken gjer henne endå meir forvirra idet ein melding tikkar inn på mobilen. Ei melding frå Kami! Kami og Bente får kontakt på eitt vilkår: Kontakten blir halde hemmeleg.  Det eine fører til det andre, som resulterer i at Bente og venninna Martine dreg på Oslotur, der også Kami befinn seg. Kven er denne mannen dei møter på t-banen, og korleis veit han om Kami? Og er det eit bra eller dårleg val å ferdast aleine med denne mannen på leiting etter venninna?

Eg blei dregen inn i boka frå fyrste setning. Boka verkar som ei spenningskurve som aldri sluttar å stige. Dette gjer den nesten umogleg å leggje frå seg. Forfattaren skriv frå ein tenåring sitt synspunkt på ein utruleg bra måte. Hovudpersonen Bente held på ein vennskapslovnad med Kami som tyder  at ho held utruleg viktig informasjon hemmeleg frå politiet. Dette er ei tenåringshaldning som verker dum og naiv, men kanskje det er akkurat det som skal til?  Eg anbefaler deg verkeleg å finne ut av dette ved å lese boka sjølv. 


Boka er har eit enkelt og flytande språk som gjer boka lett å lese. Forfattaren skildrar farlege og gode situasjonar godt, som er ein nyting for både tankane og bileta du får i hovudet. Eg synest boka passar for alle aldrar. I boka les ein om korleis ulike menneske i forskjellige aldrar taklar situasjonen. Dette gjer leseropplevinga interessant for både gutar og jenter i alle aldrar. Dette er den fyrste ungdomsboka gjeve ut av Magnild Bruheim, eg synest ho fekk det bra til.                                     – Johanna 

Svarte-Mathilda - Tor Arve Røssland

Eit gjenferd i spegelen

Boka ”Svarte-Mathilda” handlar om Elisabeth som har flytta saman med mora si inn i ei leilegheit etter at heimen dei budde i vart utsett for ein brann, ein brann som tok livet av broren til Elisabeth. Allereie første gongen ho kjem inn i leilegheita, merkar ho at det er noko underleg som går føre seg. Det er kaldt og ho føler seg ikkje velkommen. På badet heng det ein gammal spegel, og vi forstår etter kvart at dette har noko med dei merkelege hendingane å gjere. Elisabeth blir meir sikker på at det føregår noko mystisk når ho blir innestengt på badet, i tillegg til at ho ser skuggar og fornemmer røyster. Ho får etter kvart  høyre at det for nokre år tilbake var ei jente som vart drepen i leilegheita, og at mordet aldri vart oppklara. I tillegg får ho høyre historia om Svarte- Mathilda, som er ei vond ånd ein kan påkalle ved å nemne namnet hennar ei bestemt mengd gonger framfor den gamle spegelen. Saman med klassekameraten Philip og bibliotekaren Viggo, prøver ho å finne informasjon om det som skjer i leilegheita.

Ein får òg høyre om ein familie som levde på 1800- talet, der jenta på garden heitte Mathilda. Etter ei stund får vi vita at det har går føre seg forferdelege ting på garden, som er rota til alt det skremmande som skjer i nåtida. Elisabeth finn ut at ho må grave i fortida for å finne ut kva som skjedde, både med Mathilda og med Marie, som vart drepen i leilegheita 20 år tidlegare. Arbeidet med å løyse gåta er ikkje enkelt, Elisabeth blir skada og tilstanden er kritisk, samstundes forsvinn Philip. For å finne svaret må Elisabeth utfordre seg sjølv, setje frykta til side og overvinne dei vonde kreftene frå fortida.

Boka handlar om å oppklara uforklarlege hendingar, og dessutan å freiste å finne ut kvifor det vart drepe ei jente i leilegheita Elisabeth flyttar til, og kven som gjorde det. I tillegg meiner eg det handlar om å kome tilbake til kvardagen igjen etter ein brann der ein har mista nokon som står ein veldig nær.

Eg synest det er ei godt fortald historie, der spenninga blir halde oppe gjennom heile boka. Dette trur eg kan vere med på å få barn og unge som ikkje er så glad i å lese, interessert i denne romanen. Ein får høyre om drap og blodige detaljar, noko som kan vere med på å gjere dei som synest ein del ungdomsbøker er for barnslege til å like denne. Svarte- Mathilda er ei bok som får det til å gå kaldt nedover ryggen på lesaren, og ein treng ikkje å sitja og vente på at det skal skje noko spennande, spenningsmomenta kjem hyppig og dei får deg til å lese vidare.

Karakter: 5/6
Ingebjørg



Monsterhavet - Rick Riordan

Spennande bok om greske halvgudar i New York.

Tittel: Percy Jackson, Monsterhavet.
Sider : 303 sider
 Forfattar: Rick Riordan.
 Omsetjar: Torleif Sjøgren-Erichsen.
 Forlag: (norsk utgåve) Shibsted Forlag AS, 2010 pocketutgåve 2012.

Samandrag:
 «Percy Jackson monsterhavet» er den andre boka i «Percy Jackson»-serien, altså oppfølgjaren av «Percy Jackson lyntjuven». Den er skriven av Rick Riordan og går under sjangeren fantasy, som ein kan skjønne berre ved å sjå på omslaget. Temaet er hovudsakleg om det gode mot det vonde, makt og motmakt, verkelegheit og fantasi og ansvar og oppbrudd. Den handlar også om  korleis det er å vere del av ein stor familie kor ein beskyttar kvarandre.

Boka begynner med at det har vore eit stille og roleg skuleår for Percy, og som vanleg får han ein bestevenn, Tyson, som ikkje er blant dei populære på skolen.

På siste skuledag før sommarferien, når ein uskyldig kanonballkamp med klassekameratane utviklar seg til ein dødskamp mot ein gjeng ekle kannibalkjempar, viser det seg at Tyson har spesielle krefter og er eigentleg ein kyklop.

Percy rømmer med til halvblodsleiren, men der får han vite at halvblodsleirens magiske grense som beskyttar den, har blitt forgifta. Viss ikkje Percy greier å finne ein motgift vil halvgudane sin einaste trygge stad bli utsletta.

Sakte går det opp for Percy at bestevennen hans, Grover, har klart å etablere ei empatilenke til ham. Dette betyr at viss ein av dei døyr, vil også den andre døy.

Percy skjønar at Grover er fanga av ein Kyklop, og at han også har snubla over Jason sitt gylne skinn frå den greske mytologien. Det gylne skinnet får alt rundt seg til å vekse, og er nettopp det som kan redde leiren frå å bli øydelagt.

Saman med vennene sine drar Percy på ei dramatisk reise til Monsterhavet for å redde halvblodsleiren.

Hovudpersonar:
Hovudpersonen er Percy Jackson. Han er av ein eller annan grunn veldig uheldig, noko som fører til mykje trøbbel på skolen. Han er vennleg, modig og det verkar som om  han er ein som stiller opp for vennene sine.

Tyson er ein kyklop, han er broren til Percy Jackson, eller det vil seie, halvbroren hans. Tyson er i likskap med Percy son av Poseidon, mens mor hans er ein ukjent naturskikkelse. Som andre kyklopar er han kraftig og stor, men han kan vere veldig klumsete og dum. Han er veldig snill og beskyttar alle nære han, spesielt Percy.

Annabeth kan ha ein litt sær personlegdom. Ho er ein god venn av Percy. Dette er litt utruleg, sett i samanheng med at Annabeth si mor, Athene, og Percy sin far, Poseidon, er fiendar. Ho viser ofte eit tydeleg krigsinnstinkt, noko som gjer henne til ei guttejente.

Mine meiningar:
 Eg meiner at boka passar for barn og ungdommar frå 9-15 år. Eg anbefaler også boka sterkt for barn eller ungdom med ADHD og dysleksi, sidan hovudpersonen og alle rundt han også har desse eigenskapane. Boka er svært fantasifull og spennande. Det er ei bok med mange gode skildringar og ikkje så mange vanskelege ord.

Denne boka er viktig. Mange barn med ADHD og dysleksi vil finne glede og inspirasjon av å lese den. Percy Jackson er den første boka for mange med ADHD og dysleksi.

Eg gir boka ei velfortent terningkast 5.


- Henry

Fuck off I love you - Lars Mæhle

Fuck off I love you, forteljinga mot rasisme
Fuck off i love you av Lars Mæhle er ei bok for ungdom som likar sjangeren drama. Boka er på 160 sider, og er enkel å lese.

Boka handlar om ein gut som mistar kjærasten og blir med i ein gjeng med fem gutar, sjefen heiter Two face, og han vil at alle skal reise saman til Danmark. Fyrst er Two Face berre hyggeleg og spanderer moped og mat på gutane, men han har andre planer for dei. Under turen avslører Two face kva han vil med gutane. Two face tvingar dei til å få ein tatovering som symbol for gjengen. Alle er redde for Two face, spesielt når han seier han vil drepe sigøynarane i byen deira. Og han har ein plan for korleis det skal gjerast.

Vemund er ein 16 år gammal gut som ikkje veit kva han skal gjere sidan faren hans er daud, mora er lagt inn på galnehus og kjærasten hans slo opp. Han er heilt åleine og søkjer vener, og han treffer ikkje dei riktigaste menneska. Han må ta avgjerder som kan koste nokon sine liv.

Two face har vorte sloppen ut av fengsel. Han blir fort sinna, og lèt ein mynt avgjere om ein skal få juling eller om han skulle tilgje dei, på ei side av mynten er det skrive «fuck off», og på den andre er det skrive «i love you». Han vil bli kvitt alle sigøynarane i byen og skremmer fem gutar til å hjelpe han.

Boka er veldig spennande, og blir betre viss ein veit at forteljinga er skrive etter 22. Juli. Forteljinga viser at eit menneske kan skapa mykje kaos, og at ein må ta ansvar for kva ein blir med på. Boka fortel om kor feil ein kan ta av menneske ein trudde var slemme, men eigenleg så er dei snille.

Boka er for ungdom frå 13 til 15 år, ho er lett å lese og ho er ikkje lang. Det er ei bok som er retta mot ungdom, og er meint for å bli lesen av ungdom. Eg synest du burde lese ho.

Av Emilie 

Ti små negerbarn - Agatha Christie

Ei øy, elleve forsvinningar

Tittel: Ti små negerbarn

Forfattar: Agatha (krimdronning) Christie

Sidetal: 189

Sjanger: Dette er ein krimroman frå ein av dei største krimforfattarane frå dette århundret.

Sitat frå baksida på boka: «Ti menneske på ei øy – fullt isolert frå omverda. Éin etter éin blir dei borte – myrda – nøyaktig etter oppskrifta i det gamle barnerimet.
Ein mystisk person har sett seg til domar over dei – domen er døden! Kven er denne personen? Kor held han til?»

Boka handlar om 10 personar som er fanga på ei øy med ein person som avgjer reglane. Dei andre ti personane som er invitert har ingen kjennskap til kvarandre og veit ikkje kvifor eller kven som har invitert dei. Blant dei inviterte finn vi alt frå ein doktor, ein kokk, ingeniør, dommar, ein detektiv og lista fortset. Den mystiske personen har invitert dei alle ut dit for dei har alle på eit vis vore medskuldig i tapet av eit uskyldig liv ,og hemnen kjem i retninga deira.
Ting spissar seg til under middagen når dei finn ein kassettspelar på enden av det lange bordet på plassen til verten. Kassetten blir spelt av, og ei mørk forvrengt stemme fortel dei korleis dei alle har blod på hendene, frå lovbrot dei ikkje har blitt straffa for. Kassetten sluttar å spele, og ljosa går av i kjappe ti sekund, medan ein høyrer skrik og tunge andedrag. Ljoset går på og ein av gjestene ligg over bordet i ein raud dam av blod på den kvite duken. No har leikene byrja, som inneheld mentalt samanbrot, ljos som jamleg går av og på, frykt for å vere nestemann og usikkerheita ved at du ikkje kan stole på nokon. All denne galskapen går føre seg i eit stort, gammalt herskapshus med pøsande regn utanfor og lyn som slår ned rett utanfor dei store, gamle vindauga.

Karakterar: du blir aldri godt personleg kjent med karakterane i boka, det du får vita er namn og yrke.
Ann Clyde: Sekretær
Hugh Lombard/Charles Morely: Ingeniør
William Blore: Detektiv
Dr. Edward Armstrong: Doktor
Arthur Cannon: Domar
Ilona Bergen: Skodespelar
Sir John Mandrake V.C: General
Michael "Mike" Raven: Entertainer
Elsa Grohmann: Kokk
Joseph Grohmann: Personleg tenar

Meininga mi: Dette er ei av dei betre Agatha Christie-bøkene eg har lese. Ho held lesaren interessert gjennom heile boka og ho kan vere vanskeleg å leggje frå seg. Boka er fylt med spenning og dramatikk, kva anna kan du forvente frå Agatha. Ho gjer ein god jobb med skildringar og sett stemninga og miljøet, noko som berre gjer ho endå betre å lese.


Kven passar boka for/anbefaling: Dette er ei bok eg trur alle frå alderen 10 år og oppover kan lese utan å møte på for store problem i språket. Så kjem det berre an på om du er ein person som likar krimbøkar, for om du gjer det så tilrår eg denne boka for deg. Eg personleg gjev ho terningkast 5. Ein sterk 5´ar.
Eirik

Før jeg dør - Jenny Downham

Før jeg dør
Forfatteren til boken «Før jeg dør» heter Jenny Downham. Det er en ungdomsroman på 265 sider.


Bokens handling:
Før jeg dør er en gripende bok om et kort liv og en langsom død.
Boken før jeg dør handler om en 16 år gammel jente som heter Tessa. Tessa har vært alvorlig syk i fire år, og legene har gitt henne noen måneder igjen å leve. Derfor lager hun en "dette må jeg gjøre før jeg dør»- liste. Det første på lista er sex. Hun vil ha sex med nabogutten Adam, som hun for første gang blir forelsket i. Tessa er på utsiden av det normale livet, og kaster seg over nye erfaringer for å kjenne at hun lever. Tessas følelser, forholdet til faren og broren, moren som er borte, bestevenninnen, den nye kjæresten, alt samler seg i en smertefull klarhet i de siste verdifulle ukene før tiden hennes er ute. Tessas liste inneholder etter hvert andre ting, som å oppleve ekte kjærlighet og som å ønske at mammaen og pappaen skal bli sammen igjen.
Beskrivelse av hovedpersonene: Tessa er en jente som ofte er trist, grunnen til det er at hun bare har noen måneder igjen av livet sitt. Moren og faren til Tessa krangler veldig mye, og det synes Tessa er irriterende. Kjæresten hennes, som heter Adam, er en veldig hyggelig gutt som alltid trøster Tessa når hun er lei seg eller irritert. Han prøver å få henne til å glemme at hun kun har noen måneder igjen av sitt liv.
Jeg syns at boken er veldig bra fordi den handler om noe viktig. Boken berører oss emosjonelt sett, det handler om en jente som har noen måneder igjen av livet sitt. Bokens spenningskurve stiger veldig mye ettersom du leser. Den lar seg lese både av yngre og eldre, med stort menneskelig utbytte. Enda så trist den er, fremkaller boken mer smil enn tårer. Jeg anbefaler alle å lese denne boken fordi etter at man har lest den, setter man stor pris på det man har i livet og det man lever for. Jeg anbefaler alle fra 12 år og oppover å lese denne boken.
Berfin
 


Harry Potter og de vises sten - J.K. Rowling

Frå bøttekott til suksess
Den fengjande boka av J.K. Rowling, «Harry Potter og de Vises Sten», har blitt ein favoritt både blant gamle og unge. Boka er på 223 sider, altså ein passande tjukkleik for dei aller fleste. Tema i boka er makt og motmakt,  løgn og sanning, og helt og antihelt.

Boka handlar om ein foreldrelaus gut ved namn Harry Potter. Han er elleve år gammal og bur hos tanta og onkelen sin fordi foreldra hans blei brutalt drepne av den vondaste magikaren gjennom tidene, Voldemort. Harry var der da foreldra hans blei drepne, men Voldemort mislukkast med å drepe Harry. Ingen veit kvifor. Da Harry får vite at han er ein magikar, dreg han til magikarskulen «Hogwarts». Da han kjem dit, får han ein ven og ei veninne som heiter Ron og Hermine. Dei finn ein hund med tre hovud som passar på ein mystisk liten pakke. Slur, ein smålig og vondskapsfull lærar, verkar mistenkjeleg interessert i denne pakka. Harry, Ron og Hermine prøver å finne ut kva pakka inneheld og kvifor Slur vil ha den. Dei møter mange hinder på vegen, men til slut kjem dei seg inn til steinen. Der ventar det dei noko uventa.

Harry Potter er ein snill og omtenksam liten gut som har levd eit hardt liv. Som eg har nemnt tidlegare blei foreldra hans drepne av den vondaste magikaren i verda. Derfor blei Harry sendt til sin slemme onkel og tante, som behandla Harry som ein slave. Hans vonde barndom gjorde han til ein søt og godhjerta gut.

Ron er Harry sin ven. Han er ein rødhåra gut som kjem frå ein stor familie på åtte personar. Han har eit stort sug etter å bli betre enn sine større søsken, og bevise noko for seg sjølv og resten av vera. Han er ein god ven som passar på seg sjølv og andre.

Hermine Granger er Harrys andre ven. Ho er ei ekstremt skuleflink jente som gjer alt vaksne ber henne om. Etter kvart blir ho litt meir van til å ljuge og gjere ting ho ikkje har lov til, men ho likar det framleis ikkje. Ho er nasevis og sjefete, men også ein utroleg god og trofast ven.
Mi meining: Eg synest boka er veldig søt og morosam. Dette er ein serie på totalt sju bøker, og dei to fyrste er meint for små barn. Dei har ein lett historie som er enkel å forstå.

Aldersgruppe: Eg synest boka passar best for barn mellom 6 og 10 år, eller gamle Harry Potter-fans, uansett alder.
Anja

Ett skudd- Lee Child

Eit skot
Forfatter:
Lee Child
Sjanger:
«Eit skot» er ein spenningsroman. 
Handlingsreferat:
I ein småstad i Indiana ligg ein einsam snikskytar gøymd i eit parkeringshus. Midt i rushtida byrjar han å fyre laus mot dei uskyldige menneska nede på plassen. Fem menneske døyr i massakren, men spora er så tydelege at den antekne gjerningsmannen er funne i løpet av berre nokre timar. James Barr er namnet hans, og det heile ser ut til å vere ei opplagt sak. Jack Reacher befinn seg i Miami saman med ei norsk blondine.
Det einaste Barr seier til advokaten sin er: «Få Jack Reacher hit».
Jack Reacher jobbar gjennom heile boka med å finne ut kva som eigenleg skjedde denne dagen. Spora etter James Barr er tydelege, men kanskje litt for tydelege? I forsøket på å finne ut kva som skjedde med Barr, dreg Reacher til åstaden, skytebanen,  og vitjar dei få venene James Barr hadde. Reacher brukar all ekspertisen sin, målet hans er ikkje å redde Barr, men å løyse gåta. 
Hovudpersonar:
Jack Reacher: Eks-militærpolitimann. Han er på kanten med politiet gjennom heile boka og har null respekt for folk som står høgare i samfunnet enn han sjølv. Reacher har ikkje nokon heim eller nokon familie, og kvardagen hans består stort sett av ein togtur eller busstur,
 før han nyt resten av dagen på eikor strand eller i einkvan storby. Han oppsøkjer aldri trøbbel, men har ein tendens til å hamne midt i eit scenario der ei straffbar handling finn stad. Jack Reacher ser alt fem sekund før resten av verda. I denne boka samarbeider Reacher med Helen Rodin og dei pårørande rundt Barr om å løyse saka, og Reacher har alltid rettferd i fokus.
Helen Rodin er James Barr sin advokat, som i starten berre tek denne jobben fordi ingen andre vil ta han. Ho har eigenleg fått ei umogleg oppgåve om å få Barr frifunne, men kan Jack Reacher hjelpe henne med dette? 
James Barr er pågripen og sikta for drapet på fem uskyldige menneske og er sjølv militær-veteran og ein fenomenal skyttar.
Anbefaling:
Boka passar for alle frå 13 år og oppover. Lee Child har eit bra ordforråd som automatisk gjev boka betre flyt. Boka set ikkje tolmodet ditt på prøve, og boka er spennande frå første til siste side. Romanen byrjar in medias res. Til tider kan det vere lurt å kunne generelle fakta som barneskuleelevar kanskje ikkje har fått med seg.
Akkurat denne boka er veldig mild, men einskilde andre i serien er litt groteske.
 Alexander