onsdag 30. april 2014

Harry Potter og de vises sten - J.K. Rowling

Frå bøttekott til suksess
Den fengjande boka av J.K. Rowling, «Harry Potter og de Vises Sten», har blitt ein favoritt både blant gamle og unge. Boka er på 223 sider, altså ein passande tjukkleik for dei aller fleste. Tema i boka er makt og motmakt,  løgn og sanning, og helt og antihelt.

Boka handlar om ein foreldrelaus gut ved namn Harry Potter. Han er elleve år gammal og bur hos tanta og onkelen sin fordi foreldra hans blei brutalt drepne av den vondaste magikaren gjennom tidene, Voldemort. Harry var der da foreldra hans blei drepne, men Voldemort mislukkast med å drepe Harry. Ingen veit kvifor. Da Harry får vite at han er ein magikar, dreg han til magikarskulen «Hogwarts». Da han kjem dit, får han ein ven og ei veninne som heiter Ron og Hermine. Dei finn ein hund med tre hovud som passar på ein mystisk liten pakke. Slur, ein smålig og vondskapsfull lærar, verkar mistenkjeleg interessert i denne pakka. Harry, Ron og Hermine prøver å finne ut kva pakka inneheld og kvifor Slur vil ha den. Dei møter mange hinder på vegen, men til slut kjem dei seg inn til steinen. Der ventar det dei noko uventa.

Harry Potter er ein snill og omtenksam liten gut som har levd eit hardt liv. Som eg har nemnt tidlegare blei foreldra hans drepne av den vondaste magikaren i verda. Derfor blei Harry sendt til sin slemme onkel og tante, som behandla Harry som ein slave. Hans vonde barndom gjorde han til ein søt og godhjerta gut.

Ron er Harry sin ven. Han er ein rødhåra gut som kjem frå ein stor familie på åtte personar. Han har eit stort sug etter å bli betre enn sine større søsken, og bevise noko for seg sjølv og resten av vera. Han er ein god ven som passar på seg sjølv og andre.

Hermine Granger er Harrys andre ven. Ho er ei ekstremt skuleflink jente som gjer alt vaksne ber henne om. Etter kvart blir ho litt meir van til å ljuge og gjere ting ho ikkje har lov til, men ho likar det framleis ikkje. Ho er nasevis og sjefete, men også ein utroleg god og trofast ven.
Mi meining: Eg synest boka er veldig søt og morosam. Dette er ein serie på totalt sju bøker, og dei to fyrste er meint for små barn. Dei har ein lett historie som er enkel å forstå.

Aldersgruppe: Eg synest boka passar best for barn mellom 6 og 10 år, eller gamle Harry Potter-fans, uansett alder.
Anja

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.