Looking
for Alaska av John Green
- kven er Alaska?
Etter å ha lese boka The fault in
our stars, fekk eg lyst til å lese fleire bøker av John Green, så eg starta
å lese debutromanen Looking for Alaska,
som fekk meg hekta etter fyrste side. Eg
trur aldri eg har lest ei så fantastisk og utfyllande bok som denne. Mannen bak
dei sitatverdige setningane, John Green, er ein utruleg skribent som verkeleg veit å setje ord på hendingane. Han tek for
seg alvorlege tema, men han skriv både humoristisk og inspirerande, med sitt
endelause ordtilfang Eg har teke meg
sjølv i både å le og gråte gjennom boka. Sjølv om Green er ein vaksen mann,
klarar han å skrive frå ein tenåringsgut
sin synsvinkel på ein heilt fascinerande måte. Ein lever seg inn i boka på ein underleg måte som får ein til å ville
lese meir.
Miles er ein tenåring som flyttar heimanfrå for å gå på kostskole i
Culver Creek. Miles er ein litt sær gut med ein rar interesse for å hugse
kjente personar sine siste ord. Miles har aldri hatt mange venar, og han har
eit ønskje om å starta på nytt og oppleva ”The Great Perhaps”. Han blir god venn med romkameraten Chip, som
blir kalla The Colonel, og Alaska Young, ei vakker, smart, morosam og impulsiv
jente som Miles fall for. Nye venar bringar nye utfordringar. Venegjengen drikk,
røyker og bryt reglar, og får testa både vennskap og lojalitet.
Boka er delt inn i to delar som består av ein ”før”-del og ein ”etter”- del. I før-delen blir vi kjend med personane i boka
og forholdet dei har til kvarandre. I ”etter”-delen skjer det ein fælsleg tragedie,
og ein får sjå korleis karakterane taklar tragedien. Spenninga blir bygd opp til dette
høgdepunktet, og det er ei overraskande og forvirrande vending. Det verkar som
om boka sluttar midt i hendinga, sjølv om ein berre har kome halvveis i boka.
Karakterane i boka er kome til live gjennom sine særeigne personlegdommar
og dei har positive og negative sider,
men dei er lette å bli glad i. Miles er ein usikker gut som eigentleg berre vil
bli akseptert av skulekameratane sine. I begynninga blei han dårleg behandla,
men etter kvart fekk han venar. Han er ein gut med store forhåpningar, og han er
ganske desperat etter kjærast. Han er forelska i Alaska, noko som er dumt, sidan
Alaska sjølvsagt har ein kul rockestjerne-kjærast. Miles er ein gut som tenkjer veldig mykje, men seier lite. Alaska er ei
impulsiv jente som ikkje er typen til å følgje flokken. Trøbbel kan ein vel seie
følgjer etter ho over alt, men ho er god til å kome seg unna. Ho har hatt mykje
problem med familien sin i oppveksten, noko som har hatt konsekvensar for livet
hennar. Ho er ei mystisk jente som ikkje deler følelsane sine med nokon, noko
som kjem tydeleg fram i boka, og det er noko som gjer boka ekstra spennande. Eg
vil anbefala denne boka til dei som er glad i å lese og til ungdom og vaksne
frå 15 år.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.