Fuck off I love you,
forteljinga mot rasisme
Fuck off i love you av Lars
Mæhle er ei bok for ungdom som likar sjangeren drama. Boka er på 160 sider, og
er enkel å lese.
Boka handlar om ein gut som
mistar kjærasten og blir med i ein gjeng med fem gutar, sjefen heiter Two face,
og han vil at alle skal reise saman til Danmark. Fyrst er Two Face berre hyggeleg
og spanderer moped og mat på gutane, men han har andre planer for dei. Under
turen avslører Two face kva han vil med gutane. Two face tvingar dei til å få
ein tatovering som symbol for gjengen. Alle er redde for Two face, spesielt når
han seier han vil drepe sigøynarane i byen deira. Og han har ein plan for korleis
det skal gjerast.
Vemund er ein 16 år gammal gut
som ikkje veit kva han skal gjere sidan faren hans er daud, mora er lagt inn på
galnehus og kjærasten hans slo opp. Han er heilt åleine og søkjer vener, og han
treffer ikkje dei riktigaste menneska. Han må ta avgjerder som kan koste nokon sine
liv.
Two face har vorte sloppen ut
av fengsel. Han blir fort sinna, og lèt ein mynt avgjere om ein skal få juling
eller om han skulle tilgje dei, på ei side av mynten er det skrive «fuck off»,
og på den andre er det skrive «i love you». Han vil bli kvitt alle sigøynarane
i byen og skremmer fem gutar til å hjelpe han.
Boka er veldig spennande, og
blir betre viss ein veit at forteljinga er skrive etter 22. Juli. Forteljinga
viser at eit menneske kan skapa mykje kaos, og at ein må ta ansvar for kva ein
blir med på. Boka fortel om kor feil ein kan ta av menneske ein trudde var
slemme, men eigenleg så er dei snille.
Boka er for ungdom frå 13 til
15 år, ho er lett å lese og ho er ikkje lang. Det er ei bok som er retta mot
ungdom, og er meint for å bli lesen av ungdom. Eg synest du burde lese ho.
Av
Emilie
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.