onsdag 30. april 2014

Monsterhavet - Rick Riordan

Spennande bok om greske halvgudar i New York.

Tittel: Percy Jackson, Monsterhavet.
Sider : 303 sider
 Forfattar: Rick Riordan.
 Omsetjar: Torleif Sjøgren-Erichsen.
 Forlag: (norsk utgåve) Shibsted Forlag AS, 2010 pocketutgåve 2012.

Samandrag:
 «Percy Jackson monsterhavet» er den andre boka i «Percy Jackson»-serien, altså oppfølgjaren av «Percy Jackson lyntjuven». Den er skriven av Rick Riordan og går under sjangeren fantasy, som ein kan skjønne berre ved å sjå på omslaget. Temaet er hovudsakleg om det gode mot det vonde, makt og motmakt, verkelegheit og fantasi og ansvar og oppbrudd. Den handlar også om  korleis det er å vere del av ein stor familie kor ein beskyttar kvarandre.

Boka begynner med at det har vore eit stille og roleg skuleår for Percy, og som vanleg får han ein bestevenn, Tyson, som ikkje er blant dei populære på skolen.

På siste skuledag før sommarferien, når ein uskyldig kanonballkamp med klassekameratane utviklar seg til ein dødskamp mot ein gjeng ekle kannibalkjempar, viser det seg at Tyson har spesielle krefter og er eigentleg ein kyklop.

Percy rømmer med til halvblodsleiren, men der får han vite at halvblodsleirens magiske grense som beskyttar den, har blitt forgifta. Viss ikkje Percy greier å finne ein motgift vil halvgudane sin einaste trygge stad bli utsletta.

Sakte går det opp for Percy at bestevennen hans, Grover, har klart å etablere ei empatilenke til ham. Dette betyr at viss ein av dei døyr, vil også den andre døy.

Percy skjønar at Grover er fanga av ein Kyklop, og at han også har snubla over Jason sitt gylne skinn frå den greske mytologien. Det gylne skinnet får alt rundt seg til å vekse, og er nettopp det som kan redde leiren frå å bli øydelagt.

Saman med vennene sine drar Percy på ei dramatisk reise til Monsterhavet for å redde halvblodsleiren.

Hovudpersonar:
Hovudpersonen er Percy Jackson. Han er av ein eller annan grunn veldig uheldig, noko som fører til mykje trøbbel på skolen. Han er vennleg, modig og det verkar som om  han er ein som stiller opp for vennene sine.

Tyson er ein kyklop, han er broren til Percy Jackson, eller det vil seie, halvbroren hans. Tyson er i likskap med Percy son av Poseidon, mens mor hans er ein ukjent naturskikkelse. Som andre kyklopar er han kraftig og stor, men han kan vere veldig klumsete og dum. Han er veldig snill og beskyttar alle nære han, spesielt Percy.

Annabeth kan ha ein litt sær personlegdom. Ho er ein god venn av Percy. Dette er litt utruleg, sett i samanheng med at Annabeth si mor, Athene, og Percy sin far, Poseidon, er fiendar. Ho viser ofte eit tydeleg krigsinnstinkt, noko som gjer henne til ei guttejente.

Mine meiningar:
 Eg meiner at boka passar for barn og ungdommar frå 9-15 år. Eg anbefaler også boka sterkt for barn eller ungdom med ADHD og dysleksi, sidan hovudpersonen og alle rundt han også har desse eigenskapane. Boka er svært fantasifull og spennande. Det er ei bok med mange gode skildringar og ikkje så mange vanskelege ord.

Denne boka er viktig. Mange barn med ADHD og dysleksi vil finne glede og inspirasjon av å lese den. Percy Jackson er den første boka for mange med ADHD og dysleksi.

Eg gir boka ei velfortent terningkast 5.


- Henry

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.