Ei øy, elleve forsvinningar
Tittel: Ti små negerbarn
Forfattar: Agatha
(krimdronning) Christie
Sidetal: 189
Sjanger: Dette er ein krimroman
frå ein av dei største krimforfattarane frå dette århundret.
Sitat frå baksida på boka: «Ti
menneske på ei øy – fullt isolert frå omverda. Éin etter éin blir dei borte –
myrda – nøyaktig etter oppskrifta i det gamle barnerimet.
Ein mystisk person har sett seg
til domar over dei – domen er døden! Kven er denne personen? Kor
held han til?»
Boka handlar om 10 personar som
er fanga på ei øy med ein person som avgjer reglane. Dei andre ti personane som
er invitert har ingen kjennskap til kvarandre og veit ikkje kvifor eller kven
som har invitert dei. Blant dei inviterte finn vi alt frå ein doktor, ein kokk,
ingeniør, dommar, ein detektiv og lista fortset. Den mystiske personen har
invitert dei alle ut dit for dei har alle på eit vis vore medskuldig i tapet av
eit uskyldig liv ,og hemnen
kjem i retninga deira.
Ting spissar seg til under
middagen når dei finn ein kassettspelar på enden av det
lange bordet på plassen til verten. Kassetten blir spelt av, og
ei mørk forvrengt
stemme fortel dei korleis dei alle har blod på hendene, frå lovbrot dei ikkje
har blitt straffa for. Kassetten sluttar å spele, og ljosa går av i kjappe ti
sekund, medan ein høyrer skrik og tunge andedrag. Ljoset går på og ein av gjestene
ligg over bordet i ein raud dam av blod på den kvite duken. No har leikene
byrja, som inneheld mentalt samanbrot, ljos som jamleg går av og på, frykt for
å vere nestemann og usikkerheita ved at du ikkje kan stole på nokon. All denne
galskapen går føre seg i eit stort, gammalt herskapshus med pøsande regn
utanfor og lyn som slår ned rett utanfor dei store, gamle vindauga.
Karakterar: du blir aldri godt
personleg kjent med karakterane i boka, det du får vita er namn og yrke.
Ann Clyde: Sekretær
Hugh Lombard/Charles Morely: Ingeniør
William Blore: Detektiv
Dr. Edward Armstrong: Doktor
Arthur Cannon: Domar
Ilona Bergen: Skodespelar
Sir John Mandrake V.C: General
Michael "Mike" Raven:
Entertainer
Elsa Grohmann: Kokk
Joseph Grohmann: Personleg tenar
Meininga mi: Dette er ei av dei
betre Agatha Christie-bøkene eg har lese. Ho held lesaren interessert gjennom
heile boka og ho kan vere vanskeleg å leggje frå seg. Boka er fylt med spenning
og dramatikk, kva anna kan du forvente frå Agatha. Ho gjer ein god jobb med skildringar
og sett stemninga og miljøet, noko som berre gjer ho endå betre å lese.
Kven passar boka
for/anbefaling: Dette er ei bok eg trur alle frå alderen 10 år og oppover kan
lese utan å møte på for store problem i språket. Så kjem det berre an på om du
er ein person som likar krimbøkar, for om du gjer det så tilrår eg denne boka
for deg. Eg personleg gjev ho terningkast 5. Ein sterk 5´ar.
Eirik
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.