onsdag 30. april 2014

Ett skudd- Lee Child

Eit skot
Forfatter:
Lee Child
Sjanger:
«Eit skot» er ein spenningsroman. 
Handlingsreferat:
I ein småstad i Indiana ligg ein einsam snikskytar gøymd i eit parkeringshus. Midt i rushtida byrjar han å fyre laus mot dei uskyldige menneska nede på plassen. Fem menneske døyr i massakren, men spora er så tydelege at den antekne gjerningsmannen er funne i løpet av berre nokre timar. James Barr er namnet hans, og det heile ser ut til å vere ei opplagt sak. Jack Reacher befinn seg i Miami saman med ei norsk blondine.
Det einaste Barr seier til advokaten sin er: «Få Jack Reacher hit».
Jack Reacher jobbar gjennom heile boka med å finne ut kva som eigenleg skjedde denne dagen. Spora etter James Barr er tydelege, men kanskje litt for tydelege? I forsøket på å finne ut kva som skjedde med Barr, dreg Reacher til åstaden, skytebanen,  og vitjar dei få venene James Barr hadde. Reacher brukar all ekspertisen sin, målet hans er ikkje å redde Barr, men å løyse gåta. 
Hovudpersonar:
Jack Reacher: Eks-militærpolitimann. Han er på kanten med politiet gjennom heile boka og har null respekt for folk som står høgare i samfunnet enn han sjølv. Reacher har ikkje nokon heim eller nokon familie, og kvardagen hans består stort sett av ein togtur eller busstur,
 før han nyt resten av dagen på eikor strand eller i einkvan storby. Han oppsøkjer aldri trøbbel, men har ein tendens til å hamne midt i eit scenario der ei straffbar handling finn stad. Jack Reacher ser alt fem sekund før resten av verda. I denne boka samarbeider Reacher med Helen Rodin og dei pårørande rundt Barr om å løyse saka, og Reacher har alltid rettferd i fokus.
Helen Rodin er James Barr sin advokat, som i starten berre tek denne jobben fordi ingen andre vil ta han. Ho har eigenleg fått ei umogleg oppgåve om å få Barr frifunne, men kan Jack Reacher hjelpe henne med dette? 
James Barr er pågripen og sikta for drapet på fem uskyldige menneske og er sjølv militær-veteran og ein fenomenal skyttar.
Anbefaling:
Boka passar for alle frå 13 år og oppover. Lee Child har eit bra ordforråd som automatisk gjev boka betre flyt. Boka set ikkje tolmodet ditt på prøve, og boka er spennande frå første til siste side. Romanen byrjar in medias res. Til tider kan det vere lurt å kunne generelle fakta som barneskuleelevar kanskje ikkje har fått med seg.
Akkurat denne boka er veldig mild, men einskilde andre i serien er litt groteske.
 Alexander


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.