Mynten avgjer valet
Bok:
Fuck off I love you
Forfattar: Lars Mæhle
Sider: 159
Samlaget
Sjanger: Spenningsroman
Vemund er ein heilt vanleg 16-åring. Sjølv om han er forelska og har
vennar, hamnar han fort inn i eit dårleg miljø. Vemund kjenner seg veik og
usikker på vennegjengen. Han er ikkje typen som snakkar for seg sjølv og tør
ikkje å ta eigne val.
Two-Face, leiaren i gruppa, har nett kome ut frå fengsel og er ein veldig
slem gut. Alle viktige val i gruppa avgjer han med myntkast. På den eine sida
av mynten står det ”Fuck off”, og den utvalde må utføre ei dårleg handling, som
oftast ei kriminell handling. På den andre sida av mynten står det ”I love you”,
og her kjem handlinga, som må utførast, til å bli god. Handlinga blir bestemt av
Two-Face.
Historia byrjar med at Two-Face har spunne på mynten, og det blir sida
«Fuck off» som vender opp. Vemund sin oppgåve er å tenna på ein knusktørr åker.
Han spring ut i åkeren med lighteren i høgre hand og ein klump i magen. Vemund
kjenner seg pressa av Two-Face, og er redd for kva han vil gjere om Vemund
ikkje tenner på åkeren. Han veit godt at han har hamna på feil spor, men ikkje
korleis han skal komme ut av det.
Eg synest heilt klart at dette er ei bra bok. Ho er fylt av spenning og
humor. Lars Mæhle har vore flink til å skildre Vemund, og eg synest han skriv
godt, med eit flytande og veldig lett språk. Eg synest også at Mæhle skildrar
situasjonen til Vemund på ein god måte, det er lett for lesaren å ane at noko
tragisk kjem til å hende. Likevel var det ikkje alltid like lett å hengje med
på kva Mæhle ville få fram, og eg gir derfor boka terningkast 5. Boka passar
for ungdom frå 13-15 år.
Victor