Fire dagar
i Nairobi
Forfattar:
Tore Elias Hoel
Tittel: Fire dagar i Nairobi
Sjanger: Roman, Drama
Tema: Kjærleik og kjønnsroller
Boka
handlar om ein gut som heiter Peter, ein gut som er veldig glad i å syngje. Han
har mange tankar og løyndommar. Peter sin draum er eigentleg å syngje aleine,
for han meiner at om han syng aleine tener han fleire pengar og da kjem han til
å bli kjent. Mora hans får vite at han er blitt spurt om å vere med i koret for
skulen, og ho takkar sjølvsagt ja til det.
Mykje eskalerer dei neste fire dagane, og livet hans blir snudd på hovudet og tilbake
igjen.
Forfattaren
skreiv boka ut ifrå berre fire dagar, som vist i boktittelen. Dette er noko som gjer boka veldig
interessant å lese. Eg synest at boka er veldig detaljert, som gjer at ein føler at ein går saman med Peter rundt i gatene i Nairobi.
Boka
viser veldig godt forskjellane mellom den fattige slummen til dei rike og reine
gatene i Lavington der Peter bur.
Eg
meiner at denne boka passar for jenter og gutar på 15 år og yngre, boka var kjempespennande
og veldig lett å lese. Ho har 94 sider
med relativt stor skrift.
Marie
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.