Nervepirrande politidrama
Jo Nesbø: "Politi"
Sider: 526
Eg hadde gledt meg veldig lengje til å lese «Politi»,
og ikkje mindre nysgjerrig vart eg på han etter eg har lese så mange gode
omtaler av han i avisene. Forventningane var dermed store da eg starta - og
etter den dramatiske avslutninga i Gjenferd måtte eg finne ut kva som skjedde
vidare med Harry Hole!
Boka startar der den førige slutta. Ein pasient ligg
i koma under streng observasjon på sjukehuset. Situasjonen har lengje vore
stabil og uendra, men ein dag synest det plutseleg som om pasienten skal byrje å
vakne. Samstundes blir ein politimann brutalt myrda på åstaden for eit
tidlegare drap. Drapet er som ein kopi av det førige, som enno er uoppklara.
Den tidlegare gruppa til Harry Hóle blir sett på
saka, men strevar med å finne spor og motiv. Ei tid seinare skjer nok eit drap,
òg denne gongen på åstaden for eit uoppklara. Offeret er nok ein gong
politimann, og etterforskingsgruppa skjønner at dei står overfor ein seriemordar
som drep polititenestemenn. Kven er det som vil dei tilsette i politiet til
livs og kvifor?
Boka er godt skrive og plotta er veldig bra. Ho er
dramatisk og spennande, og mange av offera i denne boka er kjende for oss, og
det gjer at vi som les blir meir engasjert i det som skjer. Vi er òg litt
nervøs når vi les denne boka, for vi har med ein politimordar å gjere, det set
vår alles kjære Harry Hole òg i skotlinja, og han er vi redd for. Det var godt
kamuflert kven som sto bak drapa, og det kjem som ein overrasking på meg som
les.
Eg gjev boka terningkast 5, sidan eg ikkje vart like
oppslukt som med dei andre bøkene, og starten var litt rotete. Men det var
absolutt ei bra bok som eg tilrår å lese!
Sofie
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.