Englejakt
Englejakt er ein
spenningsroman og er bok to i ein trilogi om journalisten Engel Winge. Trilogien er skrevet av Ingelin Røssland.
Handling
Engel tek med seg den synske Tv-kjendisen
Connie Larsen med ut til Marøya, der dei påstår at Marøy-Marta spøkjer. Men når
Connie ikkje oppdagar noko spøkelse, men ser ein daud baby og ein bortkomen
fiskar, blir det vekka interesse i Engel. Men at bladet Tysnes snik rundt på
øya er det ikkje alle som likar.
Engel Winge er journalist i Bladet
Tysnes, som er lokalavisa til Tynes kommune kor ho bur. Ho bur på ein gard
saman med si hasjrøykande bestemor etter at faren busette seg i Tokyo og mora hennar
døydde. Ho er ikkje er den engelen ein skulle tru ho var. Ho er ei raus
guttejente som ikkje bryr seg om kva andre synest om ho.
Alf Kattenes er sekretær, annonseseljar
i bladet Tysnes og venn med Engel Winge. Han er ein lausmunna og litt
upålitelig type. Men ein finn ut at han er ein som han holde tett og at han er
lojal mot vennane sine.
Irene Nymark er venninna til Engel og er ikkje den
smartaste av dei. Ho er ei partyjente som kjem seg fram i livet, men blir ofte
utnytta pga. at ho er snill, men litt dum.
Lars Vaage er ungkar og
naboen til Engel og bestemora hennar, Jenny. Han er fiskar og driv sjølv ein
liten gard med mykje skog. Han hjelper ofte Jenny på garden når han ikkje hogger
ved eller fiskar.
Anbefaling
Boka er skriven på nynorsk og
er på 166 sider. Sjølv om ho er på nynorsk, er ho lettlest og språket er ikkje
spesielt vanskeleg. Det er for det meste mykje action og spenning i boka, men
spenninga er der ikkje alltid, og i periodar manglar boka det vesle ekstra for
å halde lesaren interessert. Som sagt er det bok nummer to i ein trilogi, så eg
anbefaler dykk å lesa bok ein (Englefjes) før du les Englejakt. Eg vil seie at
boka passar best for ungdom i alderen 13-15 år.
Mi meining
Forfattaren klarer ikkje
heilt å holde på spenninga gjennom heile boka, men når spenninga er der så legg
ein ho ikkje frå seg. Slutten var ikkje heilt på topp, men med tanke på at det
er ei bok til, får vi sjå korleis det går heilt til slutt. Eg gir boka
terningkast 4. Personleg er det ikkje ein av dei beste bøkene eg har lese, men
ho var ikkje skrekkelig dårleg.
Kasper
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.