tirsdag 6. mai 2014

Saiko - Linn T. Sunne

Sommaren der alt forandra seg  

Ungdomsromanen  ”Saiko” er skriven av Linn T. Sunne. Romanen er på 111 sider og blei gitt ut av Det Norske Samlaget i 2011. Det er ein roman fylt med kjærleik og spenning tilpassa ungdomar mellom 12 og 16 år.

Ella er hovudpersonen i boka, og heile boka er skriven frå hennar synsvinkel. Ho er ei 15 år gammal jente som er veldig velseda. Ho pleier alltid å gjere det som er riktig, heilt til ho blir forelska i Simon. Mora og faren hennar er skilt og ho bur hos faren sin. Derfor ser ho ikkje mora så ofte, men tanta hennar bur i huset ved sidan av og er som ei mor for henne. Bestevenninnene til Ella heiter Olivia og Noor. Dei heng ofte med nokon eitt år eldre gutar, inkludert Simon, som er Ella sin store forelsking. Problemet er at Simon startar på vidaregåande etter sommarferien og kjem derfor ikkje til å gå på same skule som Ella. Derfor hastar det å bli saman Simon før han startar på ein annan skule.
Steinar er ein veldig mystisk gut. Han er i 20-åra, singel og alltid aleine. Bilen hans er den mest verdifulle gjenstanden han eig, og viss nokon søler så mykje som ein liten flekk inni han , endar det ikkje bra. Steinar køyrer rundt i bilen sin heile tida, og det verkar ikkje som han gjer noko anna. Han køyrer ofte Ella, Olivia og Noor forskjellige stader. Han har ei mørk fortid, og ingen vener. Alle kallar han Saiko på grunn av noko som skjedde i fortida.

I korte trekk handlar boka om den 15 år gamle Ella og korleis livet hennar forandra seg i løpet av berre ein sommarferie. Ella og venninnene hennar, Olivia og Noor, heng ofte på leikeplassen saman med nokon gutar. Ein av kveldane endar Ella og Simon opp utanfor leikestua der dei andre vennene deira sit. Alt er så fint , og Simon kyssar henne nesten, men alt det fine tek slutt helga etter for da er det fest. Ella blir full, altfor full og vaknar opp aleine utan å forstå kor ho er. Ho ligg bak ein stein ved sjøen der festen har forgått. Olivia og Noor tar ikkje telefonen, og ho vil ikkje ein gong tenkje på å ringe faren hennar eller Simon, for ho kan ikkje la dei sjå henne så full. Derfor ringjer ho Steinar, guten som alle kallar Saiko. Han er alltid aleine, køyrer runde på runde med bilen sin. Ella vel å ringje han fordi ho og vennene hennar har blitt køyrt heim av han før. Dei blei også køyrt til festen av han. Neste morgon vaknar Ella hos Steinar, og han køyrer henne heim etter frukost. Om kvelden lurar Steinar på om dei kan møtast. Han hentar henne, og i bilen spør han om Ella kan gjere han ein tenest,  men ho vil ikkje. Da viser Steinar eit bilete han har teke av Ella frå festen, som ho ikkje vil at nokon skal sjå. Dette utnyttar Steinar og han får Ella til å gjere ein ting som kan forandre alt. Viss ho gjer dette kan ho nemleg ikkje vere kjærasten til Simon, noko ho har veldig lyst til, men sjølvsagt vil ho ikkje at nokon skal få sjå biletet heller.

Eg synast boka var både spennande og mystisk. Det var ei alvorleg bok om det å bli tvinga til å gjere noko på grunn av eit feiltrinn ein har gjort i fylla. Ho viser veldig godt kva konsekvensane av å bli full og miste kontrollen over seg sjølv kan vere. Boka er lettlesen med korte kapittel og eit flytande språk. Sjølv om ho ikkje var så lang, var det mykje som skjedde. Det eg saknar i boka var skildringa av personar, og eg blei ikkje så engasjert at eg ikkje klarte å leggje ho frå meg. Eg syntes også at slutten var ganske overraskande og brå. Eg vil anbefala boka ”Saiko” til personer som likar korte, lettelest og spennande bøker som kan vere relevante for sitt eige liv. Personleg synest eg boka passar best for jenter, sidan det er frå ei jente sin synsvinkel, og eg trur det er flest jenter som vil like boka, men gutar kan sjølvsagt også lese ho.


Skrive av Josefine

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.