GÅVA
INGEN VIL ARVE:
Tittel: Skammarens dotter
Forfattar: Lene Kaaberbøl. Danmark
Sidetal: Denne utgåva har 213 sider
Sjanger: Fortelljande episk diktning, skjønnlitteratur, fantasy
roman.
Fyrsteutgåve: År 2000, omsett til nynorsk i 2003, av Øystein
Rosse.
Utgitt: Samlaget
Hovudpersonen i boka er Dina, som er ti år gamal.
Det einaste Dina har arva er augo til mor si, fordi ho har verken arva høgda eller det vakre
ved mor si. Dina er lav, lita og har hår som ein hest. Ho har ingen vener fordi
ingen tør å sjå ho inn i augene. Dei vil ikkje sjå det dei skammar seg for.
Ho har nemlig arva ei gåve frå mor si, nemleg
skammaraugo. Alle som ser Dina i augo må sjå alt dei skammar seg over. Dei ser
alt dei ikkje vil innsjå sjølv og det dei vil holde gøymt. Det er berre
familien til Dina, bror hennar, Davin, og søster hennar, Melli , som kan sjå ho
i augo utan å skamma seg. Mor til Dina er skammaren sjølv, og derfor blir ho
tilkalla når nokon skal tilstå eller skal forhøyrast. Ein kveld, da mor til
Dina skal ut på eit oppdrag til nabobyen Dunark for å forhøyra ein mordar, blir
mora til Dina lenge borte. Dunark ligg langt borte. Medan mora er borte, kjem
det ein mann og hentar Dina. Ho vert tilkalla sidan ho har same gåve som mor si. Etter å ha ridd
lenge, kjem dei til Dunark. Dei finn borga der mora er, men det viser seg at
mora ikkje har bede om hjelp og har ikkje tilkalla dottera. Kvifor er Dina kome
så langt for å ikkje eingong vere til hjelp for mora?
Det er også her i Dunark vi blir kjende med
Nicodemus. Han blir den einaste venen Dina nokon gong har hatt. Han reddar Dina
fleire gonger frå farar og truslar. Han er også ein stor grunn for at Dina i
det heile tatt kjem ut for farar. Nicodemus, også kjend som Nico, er ein av dei
einaste som tør å møte augo til Dina. Han
gjer det sjølv om det gjer vondt og det er ubehageleg.
Eg tykkjer boka er veldig god. Ho var ganske hard å komme i
gang med, men når eg hadde lest eit par kapitla og eg hadde kome inn i ho, var ho
vanskeleg å leggje frå seg, ho fangar meg med alle sine beskrivingar og tankar.
Eg meiner boka passar godt for ungdommar frå 13
til 16 år. Eg trur ikkje at barn eller
ungdom som er yngre enn 13 år vil
like boka, dette fordi den er vanskeleg å kome inn i og litt tung i starten. Ho
har også nokon merkelege namn. Eg trur at lesaren skal vere litt glad i
sjangeren «fantasy» for å like denne boka.
Denne bokmeldinga er
skrevet av Mina
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.