tirsdag 6. mai 2014

Mio, min Mio - Astrid Lindgren

Ein gammal klassikar i ny form: Mio, min Mio

Forfattar: Astrid Lindgren
Sidetal: 181
Sjanger: Barnebok, roman
Den fortryllande og uforgløymelege historia om Bo Vilhelm Olsson som forsvinn sporlaust frå heimen sin og aldri sidan blir sett igjen, er no komme på nynorsk. Historia er nok mest kjent som forteljinga om den foreldrelause guten Mio, som reiser til Landet i det Fjerne og Grøne engers øy, kor han møter sin far, kongen. Mio trivst og er lukkeleg i Landet i det Fjerne. Han vert ven med guten Jum-Jum og dei drar ut på mange morosame eventyr saman. Men også i Landet i det Fjerne truar mørke krefter.
Mio har ei skjebnebestemt oppgåve. Han må reise til Landet utanfor, der den vonde riddar Kato herskar, og kjempe mot han. På den måten kan han fri folket i Landet i det Fjerne frå vondskapen. Alle i Landet i det Fjerne veit at dette er Mio si oppgåve, unntatt Mio sjølv. Kva skjer når Mio forstår kva hans oppgåve er, og drar ut på den farefulle ferda mot Landet utanfor? Og vil menneska han møter på vegen hans han vel? Bli med Mio når han legg ut på sitt livs eventyr.

Mio er ein ni år gammal  gut som er pleiebarn hos tante Edla og onkel Sixten. Mora hans døydde da han blei født, og faren hans var det ingen som visste kven var, inntil Mio drog til Landet i det Fjerne og møtte sin far, kongen. Mio er som unge gutar flest. Han likar å leike med venene sine og ri på hesten sin Miramis. Mio har eit godt og rettferdig hjarte, og han ynskjer å fri folket i Landet i det fjerne frå vondskapen til riddar Kato.
Jum-Jum er bestevennen til Mio i Landet i det Fjerne. Han er morosam og snill, og når Jum-Jum og Mio er saman har dei det veldig gøy. Mio og Jum-Jum drar ut på mange tokter saman og utforskar Grøne engers øy og Landet i det Fjerne. Dei drar ut på deira største eventyr saman når dei drar for å kjempe mot riddar Kato. Dei må samarbeide og kjempe saman på ein måte som få unggutar må, og denne oppgåva består dei med glans.
Kongen i Landet i det Fjerne er Mio sin far. Han er ein snill og roleg mann som er veldig glad i Mio. Han har leitt etter Mio sidan han blei født, og han ynskjer å gjere opp for den tapte tida deira. Han og Mio er ofte ute og går tur i rosehagen, og han ynskjer alltid at Mio skal vere glad. Han vet at det er Mio si oppgåve å kjempe mot riddar Kato, og han uroar seg når tida er inne for at Mio skal reise til Landet utanfor.


Eg synest at Mio, min Mio er ei utruleg fin bok om venskap og familie. Astrid Lindgren skrivar ei forteljing som handlar om å gjere det som er riktig, og å ha hjartet på rette staden, sjølv om det kan vere vanskeleg. Dette bodskapet kjem pakka inn i ei spannande og hjartevarm historie som har rørt fleire generasjoner, og som sikkert vil fortsette å gjere det i mange år til. Mio, min Mio er ei bok for folk i alle aldrar, enten om du er så lita at du må ha boka opplest for deg, eller om du begynner å bli grå i håra. Tema i boka er tidlause og historia er rørande og spanande og vil nok derfor falle i god smak hos dei aller fleste, uansett alder.  
Juni

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.