Frå
kott til rikdom og ry
Harry Potter og de vises stein
Av
J.K Rowling
Eg
har lese boka «Harry Potter og de vises stein». Denne boka er under sjangeren fantasy, temaet er både makt og motmakt og
verkelegheit og fantasi. Boka har 281 sider, men ho
er så spanande at ein blir ferdig med ho
fortare enn ein trur.
Harry
Potter bur saman med tanta si Petunia, onkelen Victor og syskenbarnet Dudleif.
Harry trur han er ein heilt vanleg gut. Slektningane hans behandlar han dårleg.
Han må sove i eit kott under trappa, han får aldri nye klede eller leiker, og
Dudleif sin favorittsport er å plage
Harry. Han lengtar etter foreldra sine som
omkom i ei trafikkulykke. Det er i alle
fall det han har blitt fortalt av sin tante og onkel.
Plutseleg
ein dag begynner Harry å få mystiske
brev, og fleire brev kjem til huset kvar dag. Onkel Viktor vert gal, og brenn
alle breva før nokon får lest eit ord. Familien flyttar endatil til ei forblåst
øy for å unngå alle breva som kjem flygande som uglepost. Ved midnatt på Harry
sin gebursdag dukkar det opp ein kjempe av ein mann utanfor døra. Den skjeggete
mannen gir Harry eit brev som seier at Harry er tatt inn på Galtvort skule for
hekseri og trolldom. Harry Potter er ein trollmann!
Harry
har mørkt hår, briller (som ofte er øydelagde) og eit sikksakk-arr i panna.
Harry er ein veldig modig gut som brukar alle sine krefter for det gode. Dette
viser han då han nesten ofrar livet sitt
for å hindre nokon i å ta «den vises stein», som ikkje må kome i gale hender. Foreldra hans døde i Voldemort
sitt forsøk på å drepe Harry.
Gygrid
er ein kjempe av ein mann, ansiktet hans er nesten heilt dekka av hår og
skjegg, men ein kan sjå auga hans som
glimtar under alt håret. Han er ein veldig omtenksam person, og Harry ser på
han som ein far. Han jobbar på Galtvort skule som skogvaktar. Dess skumlare dyra blir, dess meir likar Gygrid dei.
Voldemort
er ein forferdeleg trollmann med dei verste hensikter ein kan ha. Han har drepe hundrevis av menneske tidlegare,
men med Harry svikta han. Formelen gikk som ein
spegel tilbake på han, og han mista alle sine krefter. Voldemort er no
ute etter å få «dei vises stein», som
kan gi han krafta tilbake, og hemne seg
på Harry.
Eg
elskar denne boka fordi ho er spanande,
morosam og du veit aldri kva som vil skje på neste side. J.K. Rowling skriv som
om du blir ein del av handlinga i boka. Eg har likt denne boka sidan eg las ho som 8-åring.
Eg
kan absolutt anbefale «Harry Potter og de vises stein» på det sterkaste og
anbefaler ho til alle som likar, og
ikkje likar å lese. Eg trur at alle som startar å lese denne boka vil like ho med ein
gong. Denne boka passar for alle born, både gutar og jenter, mellom 8 og 13 år.
Men eg har høyrt at til og med vaksne elskar å lese om Harry Potter sine
eventyr.
Sebastian
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.