SVARTE MATHILDA
Boka
heiter Svarte Mathilda og er skriven av Tor Arve Røssland. Ho er på 150 sider
og er ein grøssar for ungdommar.
Ei ung jente blir funnen
knivdrepen i heimen sin. Mordet
blir aldri oppklart. Leilegheita som var åstaden for mordet, står tom i 20 år.
Boka
handlar om Elisabeth som flyttar inn i leilegheita der den unge Marie Von Viel vart
drepen for over 20 år sidan. Det tek
ikkje lange tida før ho ser ting mora ikkje ser, og høyrer kviskring mora ikkje
høyrer. Elisabeth begynner å grave i historia om drapet, med hjelp av den nye
klassekameraten Phillip og bibliotekaren Viggo.
Dei les om den fæle legenda om Svarte-Mathilda som gøymer seg i ein
spegel, og som kjem dersom du kallar på henne. Phillip trur ikkje på historia,
og han overtaler Elisabeth til å prøve det ut.
Når
dei byrjar å skjønne kva som skjedde med stakkars Marie, skjer det fæle ting.
Elisabeth blir skada, Phillip blir borte, og
ho må til slutt setje ein stoppar for det ho nå har vekt.
Elisabeth
er ein fjorten år gamal jente som i boka flyttar inn i ei heimsøkt leilegheit
med mora. Bror hennar døydde for nokre år sidan og ho tenkjer mykje på han. Ho
er sårbar og redd i starten, men jo lenger ut i boka du kjem, jo sterkare og
tøffare blir ho.
Vi
får ikkje vite så mykje om mora i boka, bortsett frå at ho meiner Elisabeth bør
dra til ein psykolog. Ho legg ikkje merke til kva som skjer i leilegheita eller
med Elisabeth og lever som om ingenting er galt.
Phillip
og Viggo er to vennar av Elisabeth. Phillip er ein klassekamerat, medan Viggo
er ein gut dei møtte på biblioteket då dei skulle finne svaret på gåta om Marie
Von Viel og Svarte-Mathilda.
Vi
får for det meste sjå tilbakeblikk til då Marie levde og det ho opplevde i
leilegheita. Nokon stader i boka kan vi lese om Marie som eit spøkelse som
prøver å hjelpe Elisabeth å forstå.
Eg
likte boka svært godt, og kunne ikkje leggje den frå meg i starten. Det er ein
spennande og litt skummel ungdomsroman som passar for både gutar og jenter frå 13-årsalderen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.