Rebell - bokmelding
Boka heiter
altså Rebell, og det er Finn Øglænd som har skrive ho. Ho er hardback og på 135
sider. Kapitela er utruleg korte. Tema er kjærleik og kjønnsroller og oppbrot og
ansvar.
Boka handlar
om ein femten år gammal gut, Alex. Han likar punk og sit for det meste nede i
den mørke kjellaren sin og høyrer på punkplatene faren (som han aldri har møtt)
la igjen før han drog til Filippinene for å starte eit nytt liv der med ei ny
dame. Handlinga finn stad i Stavanger der Alex er kjent som ”Storhaugs skrekk”.
Han likar å kalle seg sjølv rebell, men om han eigenleg er det er eit anna spørsmål.
For han verken drikk, snusar, røykjer eller driv med dop, og han driv ikkje
noko med hærverk, og er ikkje slem mot nokon.
Alex synest
alle har feil, men han meiner ikkje nødvendigvis at han sjølv har alle svara. Han er lei
fjortisar og når han byrjar å chatte med Julia (som òg likar og ikkje minst har
høyrt om punkmusikken hans) på MSN foreslår han at dei burde rømme. Rømme frå
alle Barbiejentene med topp 40 musikk og pappagutane. Mens han ventar på Julia, byrjar han å tekste
med Silje, og det viser seg at ho likar
han, og at han eigenleg likar henne, men så kjem Julia og Silje blir gløymt ein
liten augneblunk.
Alex
er rebell og desperat. Han er òg litt typisk gutete og klarar ikkje å halde
fokus, eller vita heilt kva han vil. Han kjem i løpet av boka til mange
situasjonar der han er nøydd til å velje, men klarar det ikkje og endar opp med
inkje.
Julia
er kjempepen, og eit år eldre enn Alex. Ho er òg desperat, så desperat at ho
tek toget frå Sandefjord til Stavanger for å møte Alex og så rømme med han. Ho
er i motsetnad til Alex veldig veltrent og glad i sport.
Silje
går i klassa til Alex og ho lèt han alltid skrive av leksene hennar. Ho er den han
likar best av jentene i Stavanger, fordi ho høyrer på punk, men det er berre
fjortispunk, så ho er ikkje like kul som Julia. Silje er kostbar og ikkje så
desperat.
Eg synest
denne boka var lett lese, kort, nynorsken var enkel og ho vart litt spennande etter
kvart. Ho hadde ein liten urealistisk slutt og det drog ho litt ned.
Terningkast: 4.
Eg vil nok heller tilrå ho til gutar enn jenter. I alderen 13-16år. Ho er for jenter også, men ikkje i like stor grad.
Eg vil nok heller tilrå ho til gutar enn jenter. I alderen 13-16år. Ho er for jenter også, men ikkje i like stor grad.
Kaia
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.