tirsdag 6. mai 2014

Naiv. Super - Erlend Loe

Tittel: Naiv. Super.
Forfattar: Erlend Loe
Sider: 215
Sjanger: Roman

Handling 

Naiv. Super. handlar om ein mann på 25 år. Eg-personen byrjar å tenkja over mysteria i livet etter at han blir slått i crocket av broren sin. Han gjev opp studia sine og flyttar inn i leilegheita til storebroren som er i USA på forretningsreise. Der brukar han mesteparten av tida si til å leike med ein stor, raud ball og eit bankebrett, og fundere over livets gåter og kva tid eigenleg er. Ein av hovud-karakterane i boka er kompisen hans, Kim. Kim jobbar som meteorolog i Nord-Noreg, der han kjedar seg veldig mykje. Difor faxar Kim og eg-personen mykje. Kim er eg-personen sin dårlege ven. Han masar alltid på eg-personen, og får eg-personen til å få dårleg samvit ovanfor han. I underetasjen i leilegheita til storebroren, bur det ein liten gut som heiter Børre. Eg-personen og Børre får god kontakt, og blir veldig gode vener. Ein dag spør faren til Børre eg-personen om han kan sitja barnevakt for Børre. Eg-personen seier sjølvsagt ja, men same dagen faxar broren frå USA, og spør om eg-personen kan kjøpe ein bil til han. Det eg-personen ikkje veit, er at den dagen vil forandre heile livet hans.

Karakterar 
Eg-personen er ein veldig omtenksam, roleg og litt snål type. Han brukar mesteparten av tida si til å fundere over djupe tankar, og kjem fram til konklusjonar dei fleste ikkje forstår seg på. Han finn roa si i eit bankebrett og ein raud ball, og har ein femåring som bestevenn. Kim jobbar med å studere vêret, og varslar Blindern to gonger om dagen. Kim er nesten like snål som eg-personen, noko som bitt dei to godt saman.
Børre er ikkje som alle andre femåringar. Han likar å skrive lister over ting han likar og mislikar. Børre synest sykkelen til eg-personen er tøff, og likar også bankebrett.

Meininga mi 
Eg synest boka var svært forvirrande i starten, men alt fall på plass etter kvart. Boka er munter og morosam til tider, men også dyster og mørk. Boka forklarar situasjonar på ein måte som berre Erlend Loe får til. Det verkar som om Loe vil vi skal le litt av eg-personen, samstundes som vi tek han alvorleg, og kanskje lærer litt av han. Synsvinkelen er eg-synsvinkel. Der vi får vita alt som skjer gjennom hovudpersonen, og vi får vita alle tankane hans. Dette skapar ei kjensle av at du er inne i hovudet til eg-personen. Eg tilrår denne boka til både gutar og jenter frå 15 og oppover. 

Mikkel

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.