tirsdag 6. mai 2014

Gamer - Tor Arve Røssland

                                                                 GAMER
Boka er skriven av Tor Arve Røssland og er på 138 sider. Han har og skrive fleire bøker som Svarte-Mathilda II, På Rømmen og Anti-Pode. GAMER er ei bok om å spele, om samarbeid og om kven som har viljen til å bli best. War of Faluza eksisterer ikkje, men viss du har spelt andre spel kan du fort føle deg heime!
Denne boka handlar om ein gjeng med kompisar som set seg heilt inn i eit nytt og ekstremt populært spel, War of Faluza. Alle kompisane til hovudpersonen sit heime og spelar spelet til dei kjem opp i level, så dei seinare eventuelt kan kjempe om store pengepremiar. Seinare møter hovudpersonen ein person frå Oslo som heiter Will i spelet. Han er ein lysriddar i level 80 og hjelper hovudpersonen med å kome opp i level. Alven Buddy (hovudperson), Yngve med dvergen Lilybeth, Marius med trollmannen Redjac, Lisbeth med dødsalven Gilda og den røynde spelaren lysriddar Will, dannar ein guild saman og trenar hardt før spelet opnast for PvP med pengepremiar. Men det er ikkje berre i War of Faluza det er spenning. I den verkelege verda opplever hovudpersonen at nokon følgjer etter han på gata, og hackar seg inn på datamaskina hans, situasjonen blir vondare og vondare. Det første raidet i PvP-konkurransen blir tapt, laga tapar 10 000 euro, og nokon får skulda. Så blir den eine personen overfalt og banka og må på sjukehuset. Kor sint går det an å bli om det går dårleg i eit spel? Kan det få deg til å banke andre? Og kven var det som gjorde det? Var det nokon i gjengen? Kor godt kjenner dei kvarandre eigenleg? Kven kan ein eigenleg stole på?


Eg synest boka var veldig spennande fordi dei får utfordrande oppgåver, og dei får til slutt spele om pengepremiar, og det byrjar å skje ting utanfor spelet og. Eg synest det er veldig lett å hengje med i det som skjer i boka fordi det er korte sider, korte setningar og lette ord. Denne boka trur eg passar best for alle dei som er interessert i data og gaming, fordi forfattaren brukar mykje gaming-ord, og det handlar for meste om det nye spelet War of Faluza. Eg ville gjeve boka terningkast 5.
Mjahed

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.