About
a Boy:
Forfattar: Nick Hornby
Handling: Marcus er ein 12 år gammal gut som
er veldig vaksen og intelligent for alderen, med eit lite snev av Aspergers
syndrom. Han bur aleine
med mora si i London, og ho har nettopp slått opp med kjærasten. Ho utviklar
depresjon, og Marcus må derfor passe på både mora og på seg sjølv.
Will, derimot, er ein 36 år
gammal mann, som er ein kynisk skjørtejeger viss oppvekst har gjort han veldig
lite empatisk. Faren hans skreiv ein julehit mange år før dette, noko som gjer
at Will får all inntekt som songen tener inn, og derfor har Will aldri trengt
ein jobb. Will bruker derfor mesteparten av tida på å sjekke damer og å
perfeksjonere sin eigen
livsstil. Will finn ut ein dag at det å late som om han er aleinefar med ein to år gammal
son er ein god måte å sjekke damer på. Han møter derfor aleinemora Suzie
gjennom ei støttegruppe for aleineforeldre. Suzie er venninne av Marcus’ mor,
som arrangerer det slik at Marcus kan bli med på piknik med Suzie, Will og resten
av støttegruppa. Da Suzie og Will skal sleppe av Marcus i leilegheita, finn dei
Marcus si mor
bevisstlaus. Ho har tatt ein overdose av sovepiller.
Marcus blir, etter mora sitt
sjølvmordsforsøk, svært redd av tanken på å bli aleine, og bestemmer seg for at
Will ville bli ein passande farsfigur. Da Will ein dag møter ein smilande
Marcus på døra si, veit han ikkje kva slags forhold dei to vil få utover dei neste månadene eller
kva den vesle guten kan lære han.
Forholdet mellom Marcus og Will: Marcus og
Will forstår kvarandre betre enn nokon andre, ettersom dei har kva den andre manglar. Will
skjønner kvifor Marcus blir mobba og utstøtt blant sine jamnaldringar, og
Marcus forstår at sjølv om Will verker fornøgd med sitt tilvere, finn han ikkje mykje meining i eit liv
som ikkje består av anna enn å sjekke damer, høyre på plater og sjå på TV. Will
får Marcus til å forstå at tilveret hans syg, med ei suicidal mor og klassekameratar som hatar han,
og at han treng endring. Marcus derimot får Will til å forstå at han eigentleg ynskja
meir med livet enn å få alt servert på sølvfat. Slik ser ein endringar over tid
hos begge karakterane, noko som kan vere både gledeleg og morosamt, men også litt melankolsk.
Kort sagt, forholdet mellom dei to er det som får handlinga til å gå framover.
Eigen meining: About
a Boy er
ei søt, trist og ikkje minst morosam historie om det å vekse opp og kor
vanskeleg det kan vere. Med fantastisk dialog mellom karakterane i boka og
flotte skildringar slår Hornby homerun med denne boka. Nokon gongar kan
skildringane om tankespinnet til karakterane trekke litt langt ut, men dette er
om noko det einaste minuset eg har å trekke fram. Historia om Will og Marcus er
ein bittersøt historie som vil vere i tankane dine i lang tid etter du har lese
ho.
Marcus E
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.