tirsdag 6. mai 2014

Bebe - Bente Bratlund

Bebe
Tittel: Bebe
Forfattar: Bente Bratlund
Sidetal: 62
Sjanger:  Drama
Kort om handlinga: Bebe går på ungdomsskule saman med besteveninna hennar Sara. Dei begynnar å krangle etter at Daniel startar i klassa dykkar. Det blir Sara og Daniel som skal på kurs. Det skulle ha vore Bebe og Daniel. Tommy likar Bebe, men ho føler ikkje det same. Korleis skal det gå med sjuke fru Almdal? Bebe vet ikkje kva ho skal gjera nu. Ho har mista besteveninna si på grunn av ein gut, og Tommy likar Bebe og prøvar å bli kjent med ho. Bebe veit ikkje om ho skal velje Daniel eller Tommy.
Ein morgon kjem Bebe til fru Almdal og finnar ut noko forferdeleg. Rekker ho å hjelpe?
Karakterane i boka:  
Sara – Sara er ein god venn og lettlurt.  Ho gjer dumme ting og tenkjer seg ikkje om.
Daniel –  Daniel flørtar med alle og er ikkje til å stole på.
Tommy – Tommy er ein godgut han er tøff og køyrer motorsykkel. Han er veldig hyggeleg mot Bebe.
Bebe – Bebe er sjenert og god venn. Ho tar ansvar heime og rundt seg, men veit ikkje heilt kva ho vil.
Fru Almdal –  Fru Almdal gir gode råd og hjelper Bebe med mange av problema hennar.

Min meining: Eg likte boka, men eg les ikkje sånne til vanleg. Det var ei kort og ganske spennande bok. Eg likte korleis ho er skriven, ho er skriven på ein måte som passar for barn og ungdom .
Anbefaling:  Boka passer for jenter frå 12-14 år. Gutar kan også lese ho, men ho passar best for jenter på grunn av kjærleik og drama.
Karolina

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.