tirsdag 6. mai 2014

Dystopia I - Terje Torkildsen

Keisemdknusaren_______________
Tittel: Dystopia I
Forfattar: Terje Torkildsen
Sjanger: Spenningsroman
Boka: Dystopia er ein spenningsroman på 183 sider frå 2009 skriven av Terje Torkildsen. Den 18. januar 2014 slår ei kjempebølgje inn over London. Seks syttenåringar frå Noreg er på studietur når byen bryt saman, dette gjer boka til ei reise på liv og død med eit mål: Å komme heim. Dystopia er den fyrste boka i ein serie på fire. Mange seier at boka er ein motorveg av ei lesaroppleving, skreddarsydd for utolmodige og spenningsglade lesarar.
Hovudpersonar:
Scott er ein leiartype som alltid veit kva som skal gjerast. Victor, er ein normal person som nokon gongar handlar utan å tenkje seg om. I motsetning til dei norske er Deepika frå utlandet og kan ikkje eit einaste ord norsk. Robinja er ein ganske vaksen person, i likheit med Deepika seier heller ikkje Robinja så altfor mykje. Kristine er ein sjølvoppteken «bad girl» som ikkje bryr seg om andre. Thomas er gruppas nerd som kan det meste.
Kven passar boka for: Eg vil seie at boka passer for gutar og jenter frå 13 til 16 år. Nokon delar av boka kan vere litt brutale, og viss du ikkje snakkar dialekt eller les nynorsk kan det vere vanskeleg å få ein god flyt i boka.
Mi meining: Viss du er lei av bøker om vampyrar og kjærleik er dette boka for deg! Dystopia er ei utruleg spennande bok som ikkje liknar noko anna bok du har lese. Den er spennande til ei kvar tid med nye overraskingar rundt kvart hjørne.
Eg fekk ei god oppleving av boka. Den starta rett inn i ei spennande handling kor lesaren ikkje kan leggja frå seg boka. Litt seinare i boka tar spenninga seg opp igjen med eit vendepunkt i handlinga. Spenningskurva varierer slik gjennom heile boka med nokon oppturar og nedturar. Til tider klarte eg ikkje leggje den frå meg! Eg synest boka ikkje liknar nokon anna bok eg har lese og gir derfor boka terningkast fem.
Marcus   
  

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.