Morsam ungdomsroman for både gutar og jenter
Tittel: Keeperen til Tunisia
Forfattar: Lars Mæhle
Sidetal:
Boka er på 167 lettleste sider
Sjanger:
Roman
Hovudpersonar i boka
Jo Istad er hovudpersonen i boka. Han er ein 13 år
gammal gut som er flink på skulen og livredd for at noko gale skal skje han. Jo
prøver å unngå alt som omhandlar urolege
medelevar, sport, helsefarlege saker og
jenter. Sjølv om han prøver å unngå dette, møter han på farar og problem kor hen
han går.
Mari er den nye jenta i klassen til Jo, som alle
gutane er begeistra for. Ho er i likskap med Jo også flink på skulen, men er
flink til å spele fotball og er ikkje redd for å ytre meiningane sine.
Einar er
bestekameraten til Jo. I kvart fall om du spør Jo sjølv. Han likar å spele fotball og har
ein storebror som er profesjonell fotballspelar i England. Einar held på ein
hemmelegheit som ein ikkje får høyre noko om før i slutten av boka. Ein får ikkje inntrykk om at Einar er særleg begeistra over å
vere med Jo.
Tom
Erik er skulas verste bølle og Jos aller
største frykt. Jo endar opp i mange ufrivillige problem med Tom Erik og gjengen
hans. Han går under kallenamnet ”Tommelen.”
Handlingsreferat
Jo går i sjuande klasse
og det er det siste året før han byrjar på ungdomsskulen. I år er året kor alle i klassa til Jo samlar på
fotballkort. Alle jaktar etter det aller mest sjeldne kortet: Nemleg keeperen til Tunisia. Jo er ein tankefull gut som heile tida føreser det verste.Tommelen tvingar alltid Jo til å
gjere leksene sine, og Jo våger ikkje
seie noko i mot. Alle gutane henger rundt den nye jenta i klassen, Mari. Jo
byrjar å gjere ting han eigentlig ikkje er komfortabel med, for å vinne hjartet
til Mari.
Mi
meining
Forfattaren
skriv på ein god og lettlest måte med eit fint grep om
stilen og språket. Romanen er ei eg-forteljing
kor tankane til Jo handlar om alt frå
fotball til frykta om å mislykkast. Eg synest
at boka er spanande fordi ho byr på eit mysterium som Jo må våge mykje for å halde håpet
om draumejenta, Mari i live. Boka er som sagt ein lettlest ungdomsroman som
passar for både jenter og gutar mellom 11 og 13 år fordi ho er barnsleg av og til, men er veldig
morsam. Ein treng ikkje å vere
fotballinteressert for å lese han fordi han handlar om ungdomsproblem og kvardagen
generelt. Boka er filmatisert under namnet ”Keeperen
til Liverpool” og er har sett han. Boka og filmen er nesten heilt like. Eg får ikkje noko nytt inntrykk etter å lese boka. Eg anbefaler å lese boka først for å ha eit godt grunnlag før ein ser filmen.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.