”Jeg er Zlatan”
Forfattar: Zlatan Ibrahimovic
(Fortalt til David Lagercrantz)
Sjanger: Sjølvbiografi
(Zlatan)
Forlag:
Font Forlag, utgjeven i 2011
Sider:
377
Handlingsreferat:
Boka handlar om Zlatan Ibrahimovic, og om korleis han
har hatt det gjennom livet fram til i dag. Då han var liten flytta han mykje
saman med dei fattige foreldra frå Bosnia og Kroatia, og faren hadde
alkoholproblem. Da foreldra skilde seg og Zlatan valte å bu med faren, blei det veldig vanskeleg
for Zlatan heime med faren som framleis drakk mykje. Zlatan begynte å stele og
drikke sjølv, og dette førte til at han blei mykje meir aggressiv. Etter å vart teken i å
stele, men likevel hindra faren i å sjå brevet, begynte Zlatan å fokusere meir
på fotballen, og
han slutta og stele og drikke. Nå gjekk det for det meste berre oppover for
Zlatan og han fortel vidare korleis det var i begynninga av karriera som
profesjonell fotballspelar, og korleis han blei betre i fotball og korleis
livet hans er no
med alle pengane og ryet. Zlatan fortel ærleg om livet hans alt frå den
vanskelege barndommen til å bli profesjonell fotballspelar.
Personar: Zlatan Ibrahimovic,
halvt bosnisk og halvt kroa som vaks opp i Malmö, Sverige. Han er ein
profesjonell fotballspelar med ein tøff oppvekst, så han har ein litt aggressiv
personlegdom og eit
litt for stort ego. Han seier sjølv at han får kick av å køyre fort, han har ei
eiga samling av sjeldne bilar. Han har hatt mange opp- og nedturar gjennom livet, men er no ein av
dei beste spelarane i vera.
Mi
meining: Eg synest dette er ei kjempegod bok, fordi det handlar om ein gut som har vakse opp i ein
innvandrargetto i lag med sine fattige foreldre. Det er lett å setje seg inn i
boka og du blir verkelig oppslukt av boka. Sjølv om det handlar om ein
fotballspelar, treng du ikkje vere fotballinteressert i det heile tatt for å
like boka. Du lærer også mykje om kva
slags val du ber ta for å komme langt hvis du vil blir fotballspelar, og eg fikk nokon gode tips
frå boka.
Anbefaling:
Eg
anbefaler denne boka
til alle, men spesielt gutar mellom 14-18 år som kanskje er litt interessert i
fotball, fordi det
er ein veldig tøff historie om korleis han klarte seg frå den vanskelege
barndommen til kor han er i dag. Eg trur mange kan få inspirasjon frå denne boka,
samtidig som det er ei fantastisk bok du verkelig blir oppslukt i. Eg trur også nesten
alle vaksne vil lika den fordi det er ei sterk historie om livet til ein gut
som gjekk frå
ingenting til alt.
Eg gir boka terningkast 6.
Jostein
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.