Ei bok du aldri
gløymer.
Tittel: Dystopia 1
Forfattar: Terje Torkildsen
Sidetal: 175 sider.
Sjanger: Episk, Mysteria.
Handlinga: Boka
handlar om ei gruppe ungdomar som vaknar opp i England med spy i håret og
fyllelukt overalt, dei trur dei berre har hatt ein kveld med altfor mykje
alkohol, dei ser seg litt rundt i rommet og finn ut at straumen har gått, og
dei manglar eit par av dei andre. Så dei går ut av rommet og ser seg litt rundt,
og det er nesten ingen menneske der å sjå, men etterkvart finn dei venene sine,
og så kjem dei til konklusjonen om at det har vore ei flodbølgje som har ramma
London. Dei bestemmer seg for å prøve å kome seg heim, men på vegen heim finn
dei ut at alle ting er ikkje heilt normalt når det ikkje er elektrisitet eller
mat som er lett tilgjengeleg. Dei møter ulike grupper og folk på vegen heim,
både farlege menneske og greie menneske som og berre vil heim.
Personar: Det er seks hovudpersonar i boka. Den første heiter
Scott og han er leiartypen. Han veit alltid kva gruppa skal gjere og kor dei
skal dra, og han er ganske smart. Victor er bestevenen til Scott, og han er eigentleg
ein ganske normal type bortsett frå at nokon gonger verkar det som han gjer
ting utan å tenkje seg om først. Så har vi Kristine, som eigentlig er gruppas
«bad girl». Deepika er også med, og ho kan ikkje snakke norsk i det heile tatt.
Ho seier ikkje veldig mykje i boka. Ein får ikkje så mye inntrykk av henne.
Thomas
er den lille nerden i gruppa, og han kan ekstremt mykje, nokon gonger kan han
så mykje at dei andre kan bli litt irriterte på han. Den siste i gruppa heter
Robinja og ho er den ”vaksne” i gruppa, bare rett og slett fordi ho har ein vaksen
personlegdom.
Mi meining: Terningkastet eg gjev til denne boka er 4+. Grunnen
til at ho ikkje får ein femmar er rett og slett på grunn av at ho står på
nynorsk, og eg synst ikkje det er like oppslukande som til dømes ei bok som er
skrive på anten engelsk eller norsk, men viss eg skulle rangert ho blant dei
beste nynorskbøkene eg har lese, så hadde ho vore på 1.plass fordi ho var
spennande omtrent heile tida og ho var ganske morosam, så iallfall viss du skal
lese ein nynorsk bok så les denne.
Anbefaling: Eg anbefaler denne boka til ungdomar rundt 13-16
fordi det er ein veldig spennande bok, men viss du er under 13 og ikkje har lært
så mykje nynorsk ennå så trur eg det ikkje blir så lett.
Leon
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.