Mengele zoo
Mengele zoo er
ein roman som blei skriven av
Gert Nygårdshaug i 1989. Han var ein stor hit, og blei omsett til mange ulike
språk. I 2007 blei han faktisk kåra til den beste norske boka nokosinne.
Boka handlar om ein liten, fattig
gut som bur i dei Latinamerikanske skogar. Han bur saman med familien sin, og
heiter Mino Aquiles Portoguesa. Fritida
til Mino går ut på å fanga sommarfuglar saman med faren, og leike saman med
sine to venar. I same landsby bur det også ”Gringos”, som sakte, men sikkert sotar ned byen med sine
oljetårn. Gringoane behandlar dei som bur i landsbyen utruleg dårleg, og det
fører til mange konfliktar.
Ein dag Mino
er aleine på jakt etter sommarfuglar, høyrer han skriking frå landsbygda. Da han livredd kjem tilbake til landsbygda,
er alle døde. Gringoaene står bak, men han skal få sin hemn.
Etter ei lang reise fylt med blod, sveitte og tårer, møter
Mino sin perfekte match. Ein gategut frå nabolandet med same tankar i
hovudet. Da dei etter kvart skaffar
pengar og møter to liketenkande jenter, lagar dei ei slags gruppe. Gruppa får
namnet ”Mariposa-bevegelsen”, og dei har store planar. Planar om å utslette
alle grådige menneska som er ein trussel for miljøet og fattigdomen i heile
verda.
Mino er ein
tapper og intelligent gut, som aldri gir opp. På grunn av behandlinga han fekk
av gringoane da han var liten, er han alt anna enn godhjerta når det gjeld dei.
Sjølv om han berre ser raudt når det gjeld gringoane, set han alltid dei som
står han nær før seg sjølv.
Orlando, gateguten Mino møter, har til felles med
Mino at han både er tapper og intelligent. Trass i at han også vaks opp
mesteparten av barndomen fylt med fattigdom og utan foreldre, tek han livet med
eit smil. Han er ein munter person som ikkje tek et nei for et nei. Dette er
noko han spesielt gjer når det er jenter det er snak om.
Eg anbefaler boka til personar på alderen min og
oppover. Dette gjer eg fordi boka inneheld ein del vanskelege ord, og et par situasjonar
som kan vere vanskelege å forstå. Det har vel noko å gjere med at boka er skriven
på slutten av 80-talet, og da brukte dei annleis ord enn det
vi gjer i dag. Eg vil spesielt anbefale boka til folk som er i tjueåra, fordi
ambisjonane Mino og gjengen har i boka er noko dei kanskje kjenner seg igjen i.
Humoren i boka er simpel, og eg tenkjer sjølv at den kan passe for ein kvar
person. Så lesar, leitar du etter ei spennande, romantisk bok med god moral du
aldri kjem til å gløyme, er dette boka for deg.
Som du kanskje har forstått så elskar eg Mengele Zoo.
Det er ei god blanding av spenning, kjærleik, humor og ikkje minst er den
kritisk til samfunnet. Eg likar veldig godt at
ein får sjå samfunnet frå ein helt anna synsvinkel, og til informasjon
er det den første av tre bøker.
Terningkast: 6
Nipe
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar
Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.