tirsdag 6. mai 2014

Dystopia I - Terje Torkildsen

Dystopia
Frykta for å ikkje komme heim i tide
Boka heiter «Dystopia» og er skriven av Terje Torkildsen, ho er på 183 sider. Sjangeren er spenning.

Victor, Scott, Kristine, Thomas, Robijne og Deepika er dei seks ungdomane som er med i boka. Victor og Scott går på speidaren, hadde det ikkje vore for dei, hadde ikkje ungdomane klart seg like bra. Scott tar ansvar for alt og viser tydeleg sine speidarferdigheiter. Kristine er bitchen på turen, ho røykjer og bannar i eit sett. Robijne er Kristine si høgre hand, ho hjelper til, men Scott er ikkje begeistra over positiviteten hennar. Deepika er grinekoppen, og Thomas er der berre for å hjelpe til.

Boka handlar om seks ungdomar som reiser med skulen til London. Mens dei er der, blir byen ramma av den verste naturkatastrofen i manns minne. Ei kjempebølgje slår inn over metropolen om morgonen 18. januar 2014. Byen bryt saman, og det blir ei reise på liv og død for ungdomane som berre har eitt mål: Dei vil heim. Heile London blir evakuert og ungdomane må klare seg heilt sjølv. Dei finn eit lager dei greier å bryte seg inn i, men kjem ikkje mange meter før dei blir oppdaga av soldatane, som ikkje er dei snillaste. Victor skal vere den kulaste og tar med seg noko som kanskje kan leggje igjen spor. Ungdomane høyrer rykte om at det går båtar frå Bristol til USA, men det kjem alltid noko i vegen på veg dit. Kjem dei eigentleg fram til Bristol? Kjem dei eigentleg heim?

Eg anbefaler verkeleg denne boka, ho er spennande, ho er lett å leve seg inn i, ho byr på uventa hendingar, og ungdomane møter alltid på nye utfordringar. Ho er ikkje så lang, og heller ikkje så vanskeleg å lese, derfor gir eg boka terningkast 5.

Boka passar best for ungdomar frå 12 til 16-17 års alderen. 
Malene

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.