tirsdag 6. mai 2014

Scorpia - Anthony Horowitz

Scorpia
«Scorpia» er den femte boka som er utgitt i Alex Rider-serien skriven av Anthony Horowitz. Boka blei utgitt første gong i England i 2004, og (den engelske versjonen) består av 359 sider. Boka er morosam og går under spenningssjangeren, da boka inneheld mykje humor, fart, spenning og «action».
Vi har i tidlegare bøker fått vite at Alex Rider er ein veltrent, sterk fjortenåring, som går på Brookland skule i London. Han har eit velbygd og sterkt utsjåande, brune auge og lyst, kortklipt hår. Han er både smart, modig og omsorgsfull, og han beherskar fleire språk. Han er også veldig god i kampsport og  i dykking. Ein kan fint samanlikne Alex med ein ung versjon av James Bond.
Sidan Alex er foreldrelaus, bur han hos onkelen sin, Ian. Ein dag får han den triste beskjeden om at Ian har døydd i ei bilulykke, noe Alex eigentleg mistrur litt. Alex blir seinare kontakta av spionbyrået MI6 som fortel han at Ian var ein dyktig agent som jobba for dei. Det kjem også fram at han døydde på eit av sine oppdrag, og ikkje i ei bilulykke. Vidare blir også Alex verva som agent, slik som sin onkel.
På eit av Alex sine oppdrag blir han fortalt av en leiemordar (fiende) at foreldra hans ikkje døydde i ei flyulykke, slik han tidlegare blei fortalt. Foreldra hans døydde som følgje av bombing. Leiemordaren fortel også at han og foreldra var kollegaer, noko som overraska Alex. Leiemordaren oppfordrar Alex til å dra til Venezia og oppsøke «Scorpia».
Denne boka, Scorpia, handlar for det meste om at Alex får denne sjansen til å reise til Venezia på skuletur. I Venezia finn han Scorpia etter mykje leiting. Det skjer mykje meir på turen enn Alex hadde forventa.
Eg likte Scorpia utruleg godt, da den gjorde meg verkeleg nysgjerrig på neste kapittel. Det som er unikt med denne boka er at ho held seg spennande heile vegen gjennom, noko som resulterer i at du omtrent ikkje greier å legge ho frå deg. Eg anbefaler og oppfordrar alle spenningsinteresserte gutar mellom 12 og 16 år til å lese spenningsromanen.
Markus H

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar

Merk: Bare medlemmer av denne bloggen kan legge inn en kommentar.